Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Romhesten

Date:
24.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Distance:
12.8km

Så var turen komen til Romhesten, saman med Imperialblade (eller Stian som han som kjend heiter). Vi fekk skyss med båt frå Jordal, og sette avgarde i frå Lidal til fots. Eit lite stykke oppover skogen kom vi over eit lam som sat fast i eit gamalt gjerde. Følte meg skikkeleg Lars Monsen då eg fiska opp Leatherman-en og skar laus dyret. Dagens god gjerning. Vidare følgde vi linjetraseen oppover til vi traff på den kryssande stien. Turen gjekk i relativt slakt terreng oppover ryggen, slik at det aldri vart eit skikkeleg slit. God utsikt var det og, på ein elles frisk dag. Trolsk stemning. Litt småklyving enkelte stadar på siste vegen oppover til toppen. Men det var vel meir for bileta si skuld enn for nødvendigheita. her kunne vi nok gått rundt. Toppen like forut! Stian ser på widerøe-flyet >>>

Map    

Sundagstrask til Ølnesstølen

Date:
19.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.3km

Enda ein liten familitur - denne gongen til Ølnesstølen. Vi sette bilen frå oss på parkeringa nedanfor garden England, og gjekk på grusveg opp til stølen. Frilufts-ambisjonane var no jenka ytterlegare eit hakk opp, då planen var å koke kaffi OG steike pannekaker på toppen. Eg hadde hugsa alt av utstyr utanom gassen sjølvsagt. Den låg att heime. Bålbrenningforbodet varte og rakk visst til halvegs ut i september, så da gjekk heile friluftsplanen rett vest. På veg ned vart vi halvvegs jaga av ein pestinfisert sau som var gal nok til å byksa over fegrinda. Snusen og eg jagde tosken vidare til skogs. So gjekk vi heim og kokte kaffi og steikte pannekaker - på trammen utanfor huset. Minus-poeng på frilufts-scoren.

Map    

Familietur til Skriksvatnet

Date:
12.08.2018
Characteristic:
Hillwalk

Kjekk liten tur til Skriksvatnet frå parkeringsplassen på fin sti, og fyrste gongen vi skulle koke kaffi med den nye gass-primusen (raudsprit gav eg opp etter at eg miste halve tilbehøret på tur over Meneseggi). Eg hadde sjølvsagt gløymd skåla til primusen, så eg måtte støtte opp kaffikanna med ein pinne som sjølvsagt fell ned og eg måtte starte oppkoket på ny. Det var vel det einaste spanande som skjedde denne turen. Men koseleg var det likevel, sjølv om kaffien smakte dritvatn.

Map