Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fuglesteg, Fortun

Date:
24.06.2018
Characteristic:
Hillwalk

Tur til Fuglesteg i yrever med hannhund i banj`og unge i meis. Lett å finne parkeringsplass og finne fram. Ganske bratt oppover grusvegen, men ikkje verre enn at til og med personar med gåstol kan kome seg fram. Elles var det ein fin plass med glimrande utsikt og hyggeleg personale. Einaste som var skikkeleg drit var at vi hadde gløymd kaffien heime. Fuglesteg-kaffien smakte vatn. Hit vert det uansett fleire turar - MED kaffi.

Map    

Via Ferrata, Loen

Date:
01.06.2018
Distance:
1.6km

Seiminartur med jobben og ei dugeleg utfordring attpåte`. Fyrst ein bratt grusveg, så litt lett klyving, deretter litt tyngre klatring, og så rett opp-klatring. Sistnemnde var kjekt! Så var det over ei jækla smal bru, og til slutt balansering på ein stålvaier - begge over den sikre daud. Mykje morro på vegen!

Map