Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Topptur til Store Raunekletten

Date:
28.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.0km

Ein kjapp tur til Store Raunekletten via Bruhjellstølen, etter at vi skrota planen om Johannesberg. Tok på oss skia frå ca 650moh. God og lett gli fram til toppen. Elles god snø ned til Kisane. Derfrå vart det balle-føre. Sesongen byrja gå mot slutten no..

Map    

På betongføre over Frudalshesten til Berge

Date:
17.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
18.4km

Ja, kva skal ein så seie om denne turen. Mest tragikomisk kan hende. Eg, Håvard og Asle hadde store forventningar då vi med glød og iver parkerte bilane på Berge og ved Frudalen, nettopp for å gå over Frudalshesten og ned til Fjærland. Dette er jo ein must do-tur i Sogndal, som etter dei siste ryktene å døme, baud på puddersnø frå topp til botn. Dette fekk vi og stadfesta av ein, etter vår oppfatning, fjellvant kar vi møtte på Frudalshesten. Så då gjekk det ikkje an å klage over dei 1100 høgdemetrane vi først hadde forsert nei. Vi skodde på oss utstyret og var som ungar på julekvelden. (Berre så det er sagt: Turen til toppen, via Frudalen, gjekk for så vidt heilt greitt. Vi måtte opp nokre litt bratte heng på vegen, men så lengje skredfaren var låg og vi tok forholdsreglar, >>>

Map    

Grånipa

Date:
10.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.6km

Første turen på ein månad etter at (den helvetes) influensaen hadde sluppe taket for godt. Eirik var på besøk i helga. Det tima han godt, då vi fekk nydeleg vér til fjells. Avgjerda om kvar vi skulle gå vart teke om morgonen. Det var ein tur til Nonsholten. Vi parkerte bilen i Rindabotn, tok trekket opp og fortsatte innover fjellet. Nydelege spor viste veg. Godt var det, elles hadde nok den karen rota seg vekk. Turen til Nonsholten gjekk rimeleg raskt. Likevel vart vi forbigått av ein kar på vel 60. Då er det lov å føla seg litt tosk. Vi (dvs. eg) bestemte oss difor for å følgje spora vidare til Grånipa. Halvvegs. Toppen Høgde (1397) ovanfor Grånipa. Litt posering på toppen. På Høgde møtte vi ein danske som hadde vore her oppe vel 25 gongar. Han fraråda oss å følgje ryggen >>>

Map