Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Vinsterrunden på fjellski med pulk. Beitostølen

Date:
27.01.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
20.6km

Dette var litt i meste laget. For kona. Ein sliten hund og ei lei kone ved sluttstreken. Eg og hunden hadde likevel ein bil og hente, ca tre km til oppover. Det var seigt.

Map    

Raunekletten

Date:
21.01.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
7.7km

På topptur med Imperialblade i Balestrand, mannen som har utstyr som ikkje står i stil med namnet. Men seig er han, Stian, seig som ein skosåle i solnedgongen. Here he is - the real Imperialblade. Oppover mot Bruhjellsrølen bar det i 30cm laussnø, og tungt som pokker det første stykket. Det var berre å bita tenna saman og tenkje på kor flott denne snøen er på veg ned att. Det tok oss godt og vel ein time opp til Bruhjell, men derfrå var det ganske så straka vegen i retning Raunekletten. Eg hadde definitivt håpa på betre ver, slik vi vart lova av desse ruskefolka i YR. Og når vi stod der på toppen kom det jammen meg ei slesk skodde sigande i tillegg. Den kunne lett ha kødda til nedatturen, men dritet forsvant heldigvis ganske raskt. Ned frå Raunekletten til Kisane var det derimot >>>

Map    

Saurdalen - utsikten

Date:
21.01.2018
Characteristic:
Backcountry skiing

Endå ein skitur rett etter toppturen. Det vart fram og tilbake til Utsikten, med ei kone med altfor store gnagsår og ein kar som hadde vond i beina. Nuvel, det er vel alltid kvalitetstid med familien.

Saurdalen, Balestrand

Date:
20.01.2018
Characteristic:
Backcountry skiing

Ein flott tur i skiløypa i Balestrand. Vakrare langrennsløype er vanskeleg å finne.

Ein liten topptur

Date:
07.01.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
2.9km

Grunnen til at denne tren fekk terningkast to var fordi underteikna kjente seg heilt bånn i bøtta. Null energi i kroppen gjorde denne turen til ein av dei tyngste på mange år. Det vart openbart når eg kom heim at driten som hadde versert i barnehagen dei siste dagane hadde slått rot i heimen. Den fantastiske pizzabakar-pizzaen kom opp att om kvelden, og 275 kr gjekk difor bokstaveleg talt rett i dass.

Map