Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Other trip (1)
- Expedition (1)
-
Ski trip (49)
- Backcountry skiing (12)
- Randonnée/Telemark (37)
- Trip by foot (87)
Sundagstur i den første snøen
- Date:
- 09.12.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 7.0km
Ein tur på godt og vondt
- Date:
- 18.11.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 11.0km
Planen var ein rusletur på ein grusveg til Bjørkestølen. Men jammen vart det til ein rundtur over Storehogen og ned til stølen og tilbake. Motet var høgt oppe (særleg hjå kona) i starten, men når vinden dro seg til og turen vart lenger og lenger, då falt humøret som ein stein i Sognefjorden. Verre vart det når jentungen starte å fryse - då vart det uling som stod i stil med vinden. Vi pakka ho inn i alt som var og la på sprang mot nærmaste le. Det positive med turen skal likevel ikkje underdrivast. Vi fekk ein ganske utruleg solnedgong ned fjellet til Bjørkestølen, og der tende vi opp bål og grilla pølser. Pølser vi knapt såg. Det hadde vorte i seinaste laget og - i mangel av lykt - måtte vi difor famle oss tilbake til bilen i lyset frå kona si mobil-lommelykt med 1 % >>>
Rask tur til trafoen
- Date:
- 11.11.2018
- Characteristic:
- Hike
Tittelen seier alt. Rask tur til trafoen. Er det meir å fortelje? Nei!
Nok ein tur til Amlaholten
- Date:
- 04.11.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 5.0km
Usle 247 høgdemeter. Og her har eg vore mang ein gong før, sist helg faktisk. Er dette berre eit desperat forsøk på å slå rekorden på antal turar i fjor, kan nokon spørje. Tja. Men kven er det som spør eigentleg? Er det verkeleg nokon som les denne turbloggen - ja kanskje bortsett frå Vegard, ein kollega med litt for mykje fritid. Svaret er enkelt. Ingen bryr seg om eg prikkar inn 10, 20 eller 30 turar til Amlaholten. Han er uansett fin. Og eg får med familien. Det får vere grunn nok. At eg i tillegg nærmar meg den personlege rekorden er kun eit pluss i boka. Et svært stort pluss sjølvsagt.
Kjapp tur til Amlaholten med hund
- Date:
- 27.10.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 5.5km
Ein kjapp tur til Finnsåsen, Årdalstangen
- Date:
- 13.10.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 7.0km
Ein lett do-tur med hunden vart til ein fjelltur til Finnsåsen. Det er tross alt ikkje alt for mykje å finne på hjå mormora på tangen. Eg følgde stien frå Tippen i bratt, sideskrått terreng langs åsen. Noko sleipt og glatt enkelte stadar, så lette joggesko utan demping var ikkje det beste valet (men dei var jo i utgangspunkmtet meint til ein heilt anna tur). Opp kom vi likevel, og vart belønna med fin utsikt ut over fjorden frå toppen! Returen tilbake til mormora vart spedd på med litt vandring i Årdalsgatene.
Ein våt tur til Tylderingen
- Date:
- 11.10.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 10.0km
For ein gong skuld ein klarversdag mellom regnbygene. Då tok eg like så godt halve dagen fri, henta hunden og sette avgarde mot Tylderingen. Eg har det med å tenkje at dette er ein kort og lett tur, men tek feil kvar gong. Han er bratt og hard fram til setra Kleiv, og når du til slutt kjem opp på platået og føler at det er like før ein er framme, ja så er det ein fordømt lang avmarsj bort til toppvarden. Bles gjorde det og, og bakken var våt som ei vaskefille. Sjølvsagt. Det hadde tross alt regna i vekesvis. Men kven tenkjer vel på det, når sola varmar? Dei nye salomon mudstone-skoa, som etter namnet å bedøme burde tole ein middels vårflaum, gjorde likevel ikkje det. Tvert imot. Møkka-skoa lakk i staden som ei dårleg sil i springflo. Men eg burde vel forstå at ein ikkje får >>>
Ein liten sundagstur mellom hausttrea i Sogndalsdalen
- Date:
- 07.10.2018
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 3.0km
Overskrifta seier det meste. Ingen topp kan kryssast av i boka, og ingen prestasjonar å snakke om. Når det er snø på toppane, og når lettvektarar (kona og jentungen) skal vere med, ja så er det greitt å halde seg i låglandet. Uansett så må det vel telje med at ein kjem ut med familien i skog og mark, vekk frå kjas og mas. Litt kanskje. Bittelitt.
Laurdagstur til Kaupangerholten
- Date:
- 06.10.2018
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 3.0km