Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Saurdalen til Kalbakk

Date:
21.10.2017
Distance:
13.3km

Den tradisjonelle haust-turen frå Saurdalen i Balestrand, via Kvilehytta, og ned att til Kalbakk er alltid ein slager. Fjord og fjell og trolsk himmel, i skjønn foreining. Høyres vel ut som ein klisje. Men bileta lyg ikkje. Flotte fargar, tørt og fint, men fytti helsike so det bles. Bombesikker på at det gjekk i stiv kuling til liten storm frå 800m. Det trakk litt ned. Elles var eg og litt skuffa over at vi ikkje fann att vekeblada frå 50-talet i Kvilehytta. Det har vel vorte brukt som dasspapir i naud.

Map    

Nok eit mislukka forsøk på Mugnetinden

Date:
14.10.2017
Distance:
5.9km
Map    

Sundagstur til Amlaholten

Date:
08.10.2017

Amlaholten i godver er ein avstikkar i nalsjonalromantikken. Mangla berre nokre bunadskledde brullaupsgjestar i ein langbåt ut på fjorden. Men vart ikkje skuffa av den grunn.

Map