Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Tunga, Fjærland

Date:
28.06.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.1km
Map    

Lett rusletur med meis og hund

Date:
13.06.2017
Distance:
3.4km

Dette var vel ikkje heilt dagen for dei lange utfartar pga. svært lite/dårleg svevn i natt. Så det vart lett rusling og fjasing i kulturlandskapet i retning Sogndal transformatorstasjon. Enkelt og greitt.

Map    

Nipa, Luster

Date:
12.06.2017
Distance:
7.4km

Under utrygg himmel starta eg turen frå kyrkja. Her var det godt med plass for parkering. Eg følgde deretter vegen opp eit lite stykke til eg kom fram til ein attgrodd traktorveg som eg følgde litt oppover til ei grind. Vidare gjekk det oppover til ei ny grind, og jammen meg til enda ei grind. Forbi denne var eg komen litt vekk frå stien som skulle starte ca. på denne høgdekurva, men den fann eg raskt. Elles gjekk det på ok sti nesten til toppen, der eg svinga av litt og tok beine vegen opp. Ned att gjekk eg på gps og bratt-appen til vegen i dalen lenger oppe. Da slepp eg heldigvis å passere fleire gjerder (berre sauefeller/vegrister). Dette gjekk heilt greitt (og var ikkje spesielt bratt), bortsett frå at jentungen i meisen vart livredd alle sauene som kom brekande etter oss. Forståeleg. >>>

Map    

Holsåsen

Date:
08.06.2017
Distance:
2.4km

Lett vandring i lyng opp til stolpen på toppen. Noko utsikt. Nokre dyretråkk her og der som ikkje er verdt å følgje. Møtte på ei rype og ein hjort, elles var det lite å skrive heim om.

Map    

Runden til Englandshovden-Imesdal-Veslehovden-Kammen

Date:
06.06.2017
Distance:
10.2km

Ja, så var det om å gjere å ta nokre skundærtoppar da. Dette vart litt lenger enn eg hadde trudd, sjølv om det stort sett gjekk greitt. Følgde grusvegen opp til Ølnesstølen og deretter på eigne vegval opp mot Englandshovden. Deretter skråa eg ned mot Imesdal, for å unngå verste bratta ("Bratt" er jaggu meg ein kongeapp å ha i slike tilfelle!). Når eg kom opp på Vetlehovden var både eg og jentungen i meisen litt lei, men kunne ikkje snu for det om. Kammen vart raskt bestige og eg følgde deretter grusvegen ned til eit krysningpunkt der eg følgde linja mot vegen til garden England (Gudane veit kvifor den har det namnet). Linjetraséen var noko skikkeleg drit, over ur og bregner og sleipt og jævlegt. Litt "utanfor" det forsvarlege med ein liten hund i nevane >>>

Map    

Søre buskardknappen

Date:
05.06.2017

Ja, så fekk vi jammen meg godt ver. Da passa det bra med ein tur til Søre Brurskardknappen. Har vore på nordre knappen (i ein helsikes mygg-stim) så da var det greitt å "sjekke ut" denne og. Her var det heldigvis null mygg. Fin sti frå parkeringplassen over ryggen og fram til toppen. Mange fine plassar å raste på og flott utsikt mot dei store toppane i vest. Kan anbefalast som familietur, men ikkje om du treng utfordringar. Da kan denne toppen drite og dra.

Map    

Skjervebottjernet

Date:
04.06.2017
Characteristic:
Trip by foot

Ja, så kom regnet da. Og kva fan skal ein finne på inne på ei hytte da, bortsett frå å spele gammal ludo og kaste nokre slitne terningar. Nei da vart det heller tur i øs-pøs. Fullt så ille var det vel ikkje sjøv om det regna, var våt snø og bekkar overalt. Målet vi sat ut var Sandhaugen, vest for Bitihorn men her var vannstanden i elva såpass høg at det ikkje var forsvarleg å dra kone, unge og ein liten hund over elva. Så difor gjekk vi heller fram til den litt lugubre bua framme ved Skjervebøttjernet der vi fann ein potetgullpose frå 2013 og hermetikkspagetthi frå Gud-veit-når. Og nei, vi åt det ikkje! Typisk skrekkfilmscenario-hytte var kona si meining. Jau, men den skjerma oss i alle fall frå dretveret. Heilt greitt!

Map    

Snartur til Liahovda

Date:
04.06.2017
Map    

Raudhorn

Date:
03.06.2017
Distance:
11.5km

Raudhorn vart løysinga etter at Mefjellet gjekk i dass. Grunnen var eit maraton-løp (!) på Beitostølen som kravde at vegen vart stengd til halv to. Ja, kva skal ein seie. Kan ikkje desse folka bruke fjellet slik det SKAL brukast og heller springe asfalt i byområda og låglandet. Nuvel. Difor tok vi altså turen mot Slettafjellet. Der var vegen stengd frå brua pga. snø. Det skiltet laug, for her var det ikkje så mykje som ein snøflekk å oppdrive. Elles hadde vi ein fin tur frå brua til Raudhorn og tilbake. Eg stussa litt på at toppen Raudhorn ser ut til å liggje svært langt vekke, men slik vart det ikkje. Siste stykket opp fjellet gjekk raskt, og kona hang godt med. Utruleg nok ingen sutring. Vegen tilbake over Gipehovda vart derimot litt i overkant, men da bar eg heller sekken hennar. >>>

Map    

Kaupangerholten

Date:
01.06.2017

Fjasetur frå veg. Flott utsikt til Bleia og fin rasteplass like nedanfor.

Map