Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Storehaug og Bondehaug

Date:
31.05.2017
Characteristic:
Trip by foot

Tja, kva skal ein seie om dette. Eit par attgrodde "toppar" med halvgod utsikt. Det var kan hende litt råflott å køyre forbi Molden nesten heilt fram på grusveg, men når ein har med unge og hund må det nesten vere lov (all den tid det er mogleg). Frå vegen var det ein kort tur på sti/traktorveg til Storehaug, men desto meir utilgjengeleg til den andre toppen. Det vart litt å gå etter GPS i kart og føle seg fram, og det gjekk heilt greitt. Måtte leite litt etter sjølve toppen Bondehaug, som låg litt utilgjengeleg til men her var det OK utsikt til Molden. Gjekk nesten rett ned att derfrå. Heilt grei tur samla sett.

Map    

Forsøk på Steindalsnosi

Date:
28.05.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.0km

Ingen bestigningar denne gongen, da vi måtte snu pga dritver i anmarsj. Betre lukke neste gong.

Map    

Kjørkhovden

Date:
27.05.2017
Distance:
9.0km

Enda ein sekundærtopp som skulle nåast. Gjekk i dritvarmt vêr opp til Ljøtaholet ca, passerte elva og deretter var det beine vegen opp til det som skilte seg ut som det høgaste toppunktet. Nesten null utsikt på toppen (sjå bilete). Deretter var det sørover og ned på stien mot Åberge att. Halvkjekk tur

Map    

Stedjeåsen

Date:
26.05.2017

Stedjeåsen er gått mange gonger før. Men aldri med 13 kg på ryggen. Så svett vart eg.

Map    

Hesteggi

Date:
23.05.2017

Fin kveldstur. Litt snø og vått frå ca 800. Elles Ok.

Map