Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Reppanipa - her får du lite gratis

Date:
29.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:45h

Reppanipa, denne sagnomsuste toppen. Eller tja. Toppen måtte uansett kryssast av Sogndal-lista, og denne turen ville passe fint ein solrik ettermiddag. Eg tok av til venstre frå hovedvegen opp Kollsetevegen. Det var tydeleg at grunneigaren ikkje ville ha trafikk over gardstunet sitt, så eg sette bilen frå meg lenger nede og starta å gå. Eg følgde grusvegen eit godt stykke oppover, og passerte nokre hytter/bustader/palass. Etter ein del trasking kom eg opp til Kollsetestølen. Herfrå var det lite sti og hjelpa seg med, så da var det å brøyte seg gjennom gras og myr og gje blanke i å verte våt på beina. Eg tok luftlinja rett mot Reppanipa, og fann til slutt ein grei, men bratt oppstigning på høgre (nordlege) sida av toppunktet. Litt klyving, men heilt ok. Brukbar utsikt på toppen.

Map    

Familietur til Store Skoddebotntinden

Date:
27.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h

Mykje er sagt og skrive om den fantastiske utsikta på Store Soleibotntinden. Eg hadde difor sett fram til denne turen lengje. Eg, far (Arnold) og bror (Eirik) sette av garde frå parkeringsplassen og gjekk beine vegen over Bukkanosi og vidare oppover. Stien kom og forsvant litt i steinrøysa, men så lengje ein følgde ryggen gjekk det utan problem. Likevel var det ein god del våte og sleipe steinar, og hunden måtte difor berast eit stykke. For å seie det slik: dette var ikkje noko særleg til tur for ein liten hund. Etter ein del strev kom vi opp på toppen og vart krona med NULL utsikt i tåkehavet. Takk fan for kvikklunsj!

Map     1 comment

Rask kveldstur med litt action

Date:
25.08.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
1:45h

Rask kveldstur til Søre Gråbrørne. Følgde traktorvegen eit stykke oppover og over ei lita bru. Like etter må ein ta til høgre og innover ein meir attgrodd veg, forbi eit lite stølshus. Elles var det fin, merka sti resten av vegen. Sprang ned att ein litt anna veg - stor sett på traktoveg. Der heldt vi på å springe på ei tiur som flaska rett forbi oss, og som hunden deretter jaga inn i skogen. Fakerten til stort dyr!

Map    

Rundtur til Nuken

Date:
17.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h

Fin kveldstur til Nuken med hund og Asle Kvam. Flott vèr, men vått overalt.

Map    

Ein rundtur på villspor

Date:
14.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h

Målet var å ta ein rask tur til Lingesetfjellet. Skodde eller ei, dette var ein topp eg ikkje hadde vore på før. Parkerte på utsida av flyplassen. Her er det tillaga parkeringsplass for turgåarar. Følgde derfrå ein grusveg eit godt stykke innover. Her er det supert å sykle, for dei som føretrekk det! Eg jogga og gjekk med hunden. Det var ikkje skilta (eg såg i alle fall ingenting), men det er av og til merker i raudt. Eg kom etterkvart til eit kryss, der eg tok til venstre - bortover, ikkje oppover. Etter ca. 40 min, tok eg av frå grusvegen, da eg trudde det var ein sti der. Men dette var tydelegvis ikkje noko anna enn merker i terrenget, sikkert som følgje av arbeidet med oppsetjing av høgspentmastene. Eg gjekk så opp på ein liten høgde og såg da ein merka sti lenger nede i >>>

Map    

Slakkafjellet - tur med sykkel, snarare enn "sykkeltur"

Date:
07.08.2016
Characteristic:
Bike trip - off-road
Duration:
2:00h

No er ikkje akkurat eg ein toppidrettsutøvar, men om du ikkje heiter Gunn Rita Dale så er vel ikkje akkurat dette sykkelturen eg vil anbefale. I alle fall ikkje på ein slik våt dag. Sykkelen var med meg opp til toppen ja, men eg sat ikkje akkurat på han på veg opp. Eg parkerte på motsett side vegen frå der grusvegen mot Slakkafjellet startar. Sykla oppover grusvegen til skiltet mot Slakkafjellet, og prøvde meg vidare litt oppover på stien. Eg gjekk fort over til å trilla sykkelen framføre meg. Stien kryssa grusvegen to gongar, og eg angra difor på at eg ikkje følgde grusvegen lengre. Det vart etterkvart brattare, smalare, meir attgrodd og ikkje minst gjørmete. Ikkje akkurat tipp-topp sykkelforhold i bratt oppoverbakke - med ein vilter hund i band. Greitt nok. Nådde til slutt ein >>>

Map     2 comments

Amlaholten - fin, liten rundtur

Date:
05.08.2016
Duration:
1:00h

Dette er ein flott rundtur! Starta med lett jogging til eg måtte gje tapt, og det same måtte hunden. Det var rimeleg bratt på slutten opp mot toppen. Følgde stien vidare ned att og kom ned på vegen. Tipset er at ein da må gå til venstre, og ikkje høgre. Det tok littegrann ekstra tid å finne ut kvar bilen var parkert, for å seie det slik.

Map    

Tylderingen - barsk kveldstur

Date:
03.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h

Sjølv om turen opp til Tylderingen kun tek ein god time opp frå vegen, kjenner du det godt i beina etter ein lang arbeidsdag og med ein solid middag i magen. Denne kvelden kjentes difor den svingete stien oppover som lang - og jækla tung! Etter at denne første traverseringa var tilbakelagt kom eg opp til ein støl, der det flata ut meir. Eg skråa her slakare oppover, og tok snart til venstre opp mot det øvste fjellplatået (rett sørover). Deler av stien var rimeleg våt her, så eg vart fort våt på beina. Kjekt! Vidare følgde eg ryggen - og stien - opp til toppvarden. Det var mykje fin utsikt innover Sogndalsdalen. Flott utsiktstopp, men mykje vind. Hunden likte ikkje all vinden. Can`t blame him:-)

Map