Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Keipen, Balestrand - gjørme og skodde

Date:
29.07.2016
Duration:
6:00h

Målet var å gå til Keipen for å studere Geitaryggen, da vi lengje har fundert å gå heile ryggen frå Tjugatoten til Keipen. Heldigvis såg det ut til at skodda forsvant på veg oppover, så dette såg bra ut. Det er god sti frå parkeringsplassen og vidare oppover. Vi måtte krysse ei elv, utan bru. Bør nok ta av seg på føtene her. Hoppet mitt med hunden i fanget til ein sleip stein midt i elva var ikkje akkurat "innanfor". Men det gjekk greitt. Vidare oppover var det fortsatt sti, men mykje gjørme og overgrodd. Hunden rota seg godt vekk i nokre bregner på veg oppover den smale stien. Mykje skliing og anna fjas. Vi ralla litt om å gå oppover Bjørnabreen på høgre sida av elva (stien gjekk på venstre sida), men vi var rimeleg glade i ettertid for at vi valde bort det. >>>

Map     1 comment

Torstadnakken - langt og til tider surt!

Date:
26.07.2016
Duration:
5:00h

Dagstur med hund i relativt dårleg vêr. God sti til Grøssete, deretter må ein finne vegen sjølv. Vidare er det ikkje sti eller særleg med merking. Eg nytta kart og kompass til tider, når skylaget var lågt. Det er faktisk greitt å ha med seg, da det til tider var litt utfordrande å orientera seg. Når ein - til slutt - kjem opp til snaufjellet visar vardar veg. Det val vel 4 store vardar, der den siste var toppen (men er likevel ikkje toppunktet). Alt i alt føltest det rimeleg langt og turen tok ca. 5 timar inkl. pausar. Går raskt ned att, særleg dersom ein spring på snøen.

Map    

Skeisnipa og Fremste Skeisnipa - bratt klyving i høgt gras!

Date:
21.07.2016
Duration:
8:00h

Parkerte i krysset til riksvegen, like under Skeisnipa. Det er merka veg opp til ca. første avsats og litt forbi. Går likevel tydeleg sti ca. heile vegen til toppen, men mykje attgrodd, så ein må leite litt. Svært bratt til tider, og det tek ein del krefter. Det er heller ikkje vatn å finne på vegen opp. Frå Skeisnipa til Fremste Skeisnipa er det og ganske bratt, men det går lettare enn det ser ut til nedanfrå. Deretter gjekk vi rett ned til stien til Flatbrehytta. Lett å skli på snøen, men ein del ulendt terreng. Resten går på grusveg inn att til bilen. Turen tok ca. 8 t.

Map     4 comments

Steinhø - ein joggetur frå bilen

Date:
10.07.2016

Fin liten kveldstur med hund. Budde på Nordre Ekre gardshotell med 10 min køyring opp på snaufjellet. Flott utsikt og stemning.

Map    

Store Haugmelen - nice støl, nice topp!

Date:
08.07.2016

Fin tur i godt vêr. Parkerte ved Dalåker, like nedanfor Goro. Vi gjekk deretter inn på sti og kom opp til krysset ved Goro. Der er det fin grusveg, og vi såg difor at vi kunne ha køyrd heile vegen fram forbi Syresete. Det gjer eg neste gong! Elles gjekk vi forbi ein fin støl (Vassløysa) på veg opp. Bomma litt på stien der og hamna inn i vegetasjonen. Litt styr men det er ikkje vanskeleg å merke seg toppen og kva ein skal gå. Vi fann igjen stien og da var det ikkje langt igjen. Fin topp og glimrande utsikt til Luster og Molden. Springetur ned att til stølen. Skulle vel ønskje eg hadde bilen ståande ved grusvegen når eg kom ned att dit. Alt i alt ein fin tur.

Map    

Molden - oppskrytt fjelltur, men nydeleg natur!

Date:
02.07.2016

Turen til Molden var mykje kortare enn eg hadde trudd. Parkerte ved Krossen (parkeringsplass) og følgde stien heilt til topps. Ikkje meir å seie enn det. Super utsikt!

Map