Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Steinhø - ein joggetur frå bilen

Dato:
10.07.2016

Fin liten kveldstur med hund. Budde på Nordre Ekre gardshotell med 10 min køyring opp på snaufjellet. Flott utsikt og stemning.

Kart    

Store Haugmelen - nice støl, nice topp!

Dato:
08.07.2016

Fin tur i godt vêr. Parkerte ved Dalåker, like nedanfor Goro. Vi gjekk deretter inn på sti og kom opp til krysset ved Goro. Der er det fin grusveg, og vi såg difor at vi kunne ha køyrd heile vegen fram forbi Syresete. Det gjer eg neste gong! Elles gjekk vi forbi ein fin støl (Vassløysa) på veg opp. Bomma litt på stien der og hamna inn i vegetasjonen. Litt styr men det er ikkje vanskeleg å merke seg toppen og kva ein skal gå. Vi fann igjen stien og da var det ikkje langt igjen. Fin topp og glimrande utsikt til Luster og Molden. Springetur ned att til stølen. Skulle vel ønskje eg hadde bilen ståande ved grusvegen når eg kom ned att dit. Alt i alt ein fin tur.

Kart    

Molden - oppskrytt fjelltur, men nydeleg natur!

Dato:
02.07.2016

Turen til Molden var mykje kortare enn eg hadde trudd. Parkerte ved Krossen (parkeringsplass) og følgde stien heilt til topps. Ikkje meir å seie enn det. Super utsikt!

Kart    

Togga - bratt men flott!

Dato:
26.06.2016

Enkel, men svært bratt tur. Ca. 1 t opp.

Kart    

Nuken - finfin tur i Sogndal!

Dato:
12.06.2016

Fin tur til Nuken. Gjekk frå Kjeldeteigen, forbi Åberge. Går fin sti heile vegen. Sprang ned att, og brukte ca. to timar i alt.

Kart    

Rallarvegen ned

Dato:
09.06.2016
Turtype:
Blandet sykling

Vatnahalsen ned på sykkel er ein (kollega)tur som er verdt å føre i boki, til tross for at det ikkje er mange høgdemeter å skryte av. Syklar leigde vi i Flåm før vi kasta oss på toget oppover dalen. Ved Vatnhalsen fjellhotell var det rett ned att. Mykje moro og stor ståheim!

Kart    

Hesteggi, Sogndal

Dato:
05.06.2016
Turlengde:
2:00t

Fin tur til Hesteggi med hund og tre kameratar. Den eine var fyllesjuk og heldt så vidt med i svingane. Men vi kom oss opp på ca. eit part timar t/r. Enkelt tur på god sti. Noko bratt det aller siste stykket. Panoramautsikt på toppen.

Kart    

Blåfjellet, Sogndal

Dato:
08.05.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark

Topptur i flott vêr. Gjekk frå Rindabotn. Langt og tungt pga. våt snø. Sugent føre ned

Kart    

Hyttefyll krydra med fjelltopp

Dato:
23.04.2016
Turtype:
Ekspedisjon

Så var det endeleg duka for eit durabeleg sjøslag med hytteeigaren Daniel, Joakim og Bjørn Kato. Sistnemnde hadde ikkje humør eller form til å gå på tur dagen etter (det første) slaget, så han vart att på hytta. Oss resten labba i veg, primært med mål om å få noko frisk luft, og endte utruleg nok opp på ein forblåst fjelltopp. Gudane veit korleis vi eigentleg klarte det.

Kart    

Kjeringifjell, Leikanger (topptur)

Dato:
16.04.2016
Turtype:
Randonnée/Telemark

Årets Kjeringi Open gjekk ganske halvegs, med pinnestive bein etter første alpint-etappen. Einaste eg var nokonlunde fornøgd med var veret. Jaja, prøvar igjen neste år.

Kart