Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Other trip (1)
- Expedition (1)
-
Ski trip (49)
- Backcountry skiing (12)
- Randonnée/Telemark (37)
- Trip by foot (87)
Nessane - Esedalen, Balestrand
- Date:
- 12.09.2015
Ein skikkeleg langtur over fjellet utanom stiar, ca. 8 t. Køyrde inn i Nessadalen og gjekk rett opp nordvest. Gjekk deretter over Nordalsnipa. Vi valde å gå ned frå nordlege sida og måtte klyve ein del. Vi fann etterpå ut at dette var det brattaste, så nedfart frå den sørlege sida er å anbefale. Vidare gjekk turen nord for, og ned frå, Geitabotneggi mot Sauadalsvatnet. Dette gjekk rimeleg greitt, men passeringa av vatnet på sørsida er noko krevjande, da ein må gå på snø i bratt terreng. Vi kom så opp på plateået der vi såg ned i Esedalen - og planen var å følgje ein sti nedover her langs ei elv. Her var det ingen sti! Vi leitte lengje og kom ut på ryggen på Geithalsnipa. Her er det mykje vegetasjon og vanskeleg å sjå, så det er best å vere varsam. Til slutt bestemte >>>
Vettsifossen
- Date:
- 23.08.2015
Ein kjekk tur til Vettisfossen i Årdal med den vesle hunden vår. Det var fan til foss ja! Gud betre..
Storehogen
- Date:
- 13.06.2015
Eg, hund og kona på tur til Storehogen for å betrakte plassen vi har flytta til frå beste vinkel. Gjekk via Bjørkestølen. Ikkje så alt for mykje å klage over - tru det eller ei!