Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Glittertinden

Date:
08.08.2014
Map    

Synshorn

Date:
27.07.2014
Map    

Rasletinden

Date:
25.07.2014

Turen til Rasletinden i ok vêr. Ganske lang og kjedeleg tur, bortsett frå at vi såg ein reinsdyrsflokk. Men toppen nådd, så tommelen opp.

Map    

Knutshøe

Date:
23.07.2014

Fin tur til Knutshøe med den "ny-henta" hunden vår "Snusen". 10 veker var han vel då, og klar for store eventyr. Men det gjekk ikkje lengje før den vesle krabaten måtte rett i sekken som følgje av slitne potar. Der fekk han smakebit på kva framtida ville bringe ja! Etter snu-operasjonen dagen før pga. dritveret gjekk 2-gongsforsøket heilt grett. Først litt lei klyving for kona heilt i starten. Vi rota oss og vekk når vi var komen ned på andre sida og skulle tilbake igjen - gjekk rett inn i myra! Fasiten er med andre ord å halde seg på stien inntil fjellet (og ikkje gå ut i opent lende/myr). Det skulle ikkje vore nødvendig å skrive ein gong.

Map    

Galdhøpiggen frå Spiterstulen

Date:
10.07.2014

Hadde fått overtalt kona om at Galdhøpiggen var plassen å vere. Vi kom til Spiterstulen ut på dagen frå Oslo og starta å gå ca. kl. 12 på dagen. Ganske bratt i starten og kona lurte på om vi var komne fram snart. Lite visste ho om at vi måtte over to toppar for å kome til sjølve piggen. Meir og meir surmuling, og etter Keilhaus topp måtte eg ta i bruk gode overtalingsevner for å få ho til å gå vidare. Det hjalp ikkje på at eg hadde gløymt igjen halve nista. Vi var hôlsvoltne når vi endeleg kom opp i ettermiddagstida, og eg minnast at eg kjøpte 2 kvikklunsjar, to solo (boksar) og to pølser i lompe for å døyve svolten. Det kosta vel ca. 350 kr,-! Passe idiotisk å spørje om han tok kort, men karen var snill og lot meg overføre pengar når eg fekk dekning. Topp service! >>>

Map    

Melsnipa, Balestrand

Date:
05.07.2014

Fin tur til Melsnipa i godt vêr. Gjekk opp sti til Grøndalen, og deretter rett opp sørfrå. Nokre klyv her og der, men elles greitt. Gjekk same tur tilbake, men rundt vatnet i staden for rett ned. Brukte mykje tid på det.

Map    

Bitihorn

Date:
24.05.2014

Fin tur til Bitihorn frå parkering på nordsida. Tok ca. 3 timar tur-retur. Flott utsikt.

Map    

Nonsholten (topptur)

Date:
07.03.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map