Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Nørdre Skagadølstinden

Date:
31.08.2013

Eg og bror min hadde bestemt oss for å prøve Nødre sidan dei to andre låg i litt høgre sjikt enn vårt nivå. Det var fin sti frå Turtagrø opp til Skagadølshytta. Vidare følgde vi ryggen oppover og oppover mot toppen til Nødre S. Ein lang tur i steinur. Ingen sti. Siste stykket krev klyving, og vi gjekk på baksida av toppen og fant ein passeleg grei rute opp der. Småklatring, men lett. Ikkje overvurder bror min her. Vi fekk ein kongeutsikt til Midtre og Storen frå toppen. Langt ned i igjen. Bror hadde teke med telt men sjølvsagt gløymd att teltpluggane. Så da vert det steinar og halvslapt telt. Det gjorde ingenting. Eg hadde teke med ein skikkeleg dritt-sovepose av mormora i Årdal og fraus heile natta uansett kor mykje kle eg hadde på meg. Det snødde da vi vakna, og var kaldt >>>

Map    

Nordre Brurskardknappen

Date:
21.08.2013
Map    

Beseggen

Date:
10.08.2013

Eg og kona var rimeleg tidleg ute for å ta båten, men sjølvsagt var det fullstendig kaos både på parkeringsplassen og ved hamna. Det vart annonsert to timar til neste båt. Så da ga vi f og gjekk motsett veg til Memurubu. Gjekk rimeleg greitt heilt til vi kom til sjølve eggen der dritvêret slo inn på høgt nivå. Klissvåt egg, og temmeleg mange japanske turistar med lakksko og andre erfarne fjellfolk på veg oppover - altså den motsette vegen. Vi svinga oss difor litt til venstre for å kome unna køen, noko som gjorde kona til nervevrak. Men ned kom vi. Elles var det ein grei men rimeleg lang tur til Memurubu. Og heldigvis var det ikkje to timar til båten gjekk derfrå. Digg å kome heim til ein øl!

Map    

Ober- og unterrothorn, Sveits

Date:
13.07.2013
Map    

Rundtur på Runde

Date:
12.07.2013
Map