Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Knøletur i retning Tverrdalstind

Date:
27.08.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
12.0km

Av og til er det godt å vere på tur. Ja, berre på tur. Ingen topp, eller anna høgtliggande mål eller meining. Eg sette meg på sykkelen, med hunden i band, frå Selseng (parkeringsplassen), og sykla inn - og forbi - Anestølen, i det vi kan kalle ganske godt vèr. Håpet var å finne ein dugandes sykkel-sti (og nei, eg er ikkje spesielt kresen) oppover dalen mot Tverrdalsvotni. Det håpet gjekk ganske enkelt i dass. Eit stykke oppover sette eg den frå meg bak ein duganes stein og fortsette til fots. Etter kvart forsvant stien litt her og der, så eg gjekk over på andre sida av elva (aust-sida), da det såg ut til at det var betre sti der. Men det var det ikkje. Det var likevel ikkje spesielt krevjande å gå oppover dalen. Da eg kom opp til ca 1100 meter sette eg meg på ein stein - naut >>>

Map    

Forsøk på Fimreiteåsen frå Haukåsen

Date:
13.08.2017
Distance:
12.2km
Map    

Loffetur til Nuken, Sogndal

Date:
06.08.2017

Treng ikkje gå flest mogleg høgdemeter kvar gong. Kan til dømes køyre opp til Åsen frå gamlevegen (motsett side av Sogndalselva) etter å ha passert Kvåle, inn på bomveg (50 kr). God parkeringsplass på toppen.

Map    

Molden, nok ein gong

Date:
29.07.2017
Characteristic:
Hillwalk

Familietur til Molden. Ikkje meir å seie om den saken.

Map    

Geitaryggen

Date:
16.07.2017
Distance:
11.7km

Geitaryggen ja - familieturen i 2017. Det har etterkvart vorte ein årleg familietradisjon for meg, pappa Arnold og bror Eirik at vi skal gå ein tur saman (og krangle om dette) i løpet av sumaren. Opphavleg var det, som vanleg, svært mykje diskusjon og krangel om når og kvar vi skulle gå. Forslaget mitt gjekk ut på at vi måtte vi ta den turen vi hadde planlagt lengje, over Meneseggen. Dette er ein ganske lang, men flott tur som går over fleire toppar på grensa mellom Balestrand og Sogndal kommune. Her møtte eg mykje motstand og skepsis. Særleg var Eirik ganske redd for at han var for lat til å gå denne turen. Arnold var på si side ikkje redd for sjølve lengda på turen, men den aukande risikoen for at han kunne få nokre vatndråpar på seg. Eg fekk til slutt overbevist karane om >>>

Map     2 comments

Middagshaugen

Date:
12.07.2017
Distance:
6.8km

Middagshaugen ja. Med unge i beremeis og vilter hund i band. Jaja. Eg køyrde opp frå Fjærland mot Horpedalen, og sat bilen i vegkanten eit lite stykke forbi den siste garden. Derfrå gjekk eg over ei bru litt nedover i dalen og fann fort stien oppover mot Endrestølen. Herfrå gjekk det fin sti. Greitt, så langt. Når eg kom til Endrestølen var det derimot stopp. Stien fortsette riktignok innover dalen, men det var lite spor å sjå i retning toppen til Middagshaugen. Så da måtte eg finne vegen sjølv. Det var lettare sagt enn gjort. Den vegen eg valde var bratt, glatt, steinete og jævleg. Her gjaldt det først og fremst å halde seg på beina, og ta hunden i armane over verste steinane. Opp kom eg likevel, fram til varden på toppen. Da vart det 5 minutt pause i frykt for dritveret som >>>

Map    

Molden

Date:
10.07.2017
Distance:
7.8km

Det er stas å pisse frå toppen.

Map    

Vetla Supphellenipa, Fjærland

Date:
08.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.5km

Etter gårsdagens sjøslag, inkludert fleire glas brunt brennevin, var ikkje dagen komen for å ta 3 nye 2000m-toppar. Difor peika Vetla Supphellenipa seg ut som ein overkomeleg tur denne dagen (derpå). Vi satte bilen på parkeringsplassen ca. ved start (det kosta 40 kr per dag - kontant). Elles går det fin sti heilt fram til Tunga, der den deler seg (begge i retning Flatbrehytta). Her kryssa vi elva - retning aust - og følgde oppover dalen på baksida av fjelltoppen. Når vi kom nesten opp til enden delte stien seg igjen, ein i retning Flatbrehytta og den andre mot Vetla Supphellenipa. Herfrå hadde vi god utsikt til Flatbreen, som er eit ganske spektakulert skue. Det vart eit lite stykke over småknausar fram til toppen, der vi til slutt vart krona med flott utsikt over Fjærlandsfjorden.

Map    

Store Smørstabbtinden m. fl.

Date:
07.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.6km

Så var det endeleg klart for den årlege fjellturhelga med Jon Kristian og Arve - etter ein pause på ca 2 års tid. Sjølv om vi kom oss noko seint i gong, blant anna som følgje av at Arve haldt 40km/t heile vegen over Sognefjellet, gjekk alt etter planen. Parkering ved Krossbu. Frå Krossbu følgde vi stien inn mot ryggen til Store Smørstabbtinden. Her haldt vi oss på fjellryggen til venstre for Leirvatnet. Deretter følgde vi høgre (vest) sida av fjellet. Det var stort sett sti utan problem. Utsikt til Store Smørstabbtinden. Stort sett greitt å gå over snøen. Frå toppen var det glimrande utsikt frå toppen til Kniven, Storebjørn med fleire. Vi kom og over ein sekk som nokon hadde lagt frå seg etter å ha gått vidare mot Kniven. Eg og Arve diskuterte kort om vi skulle flytte alt innhaldet >>>

Map    

Tunga, Fjærland

Date:
28.06.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.1km
Map