Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Snartur til Nonsholten

Date:
16.03.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:30h
Distance:
8.0km

God snø men litt lumske forhold ned Nonsholten med flatt lys og skjulte steinar. Kjekt var det uansett!

Map    

Anestølen og nesten Svartholten

Date:
21.02.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:30h
Distance:
14.0km

Kva søren er dette tenkjer du vel? Joda. Svært halvvegs dette. Vi var fire som satte av garde frå parkeringa på Selseng med Lammanipa som målet. Men då det rasa rundt oss på alle kantar (og då meiner eg ALLE), så bestemte vi oss for å snu ved foten av Barnekona. Snu? Snu ja, ikkje såg vi ein drit heller i den tjukke skodda. Kan hende sparte vi livet denne dagen. Det er tross alt betre å vere pingle enn dau, vil nokon meine. Overdramatisering? Kanskje. Men med hendingane frå sist helg friskt i minne, trur eg dette var riktig val. Når vi kom tilbake til parkeringsplassen takka to for seg. Eg og Hallgeir tok turen vidare mot Svartholten og køyrde ned frå ca 900 m. OK snø, men noko vått og sleipt. Så var det rett heim og hente i barnehagen.

Riper og skred

Date:
08.02.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.8km

Eg og brodaren til Raudmelen. Planen var å revansjere den aller første toppturen til same toppen på tidleg 2000-talet, der eg gjekk på nokre pistrete carvingski med rottefella-bindingar og Eirik iført LANGRENNsutstyr. Det var boksaveleg talt ein nedtur i vid forstand. Slik sett var sjansen for suksess svært stor denne dagen - tenkte vi. Men Raudmelen kan vere ein tøffing. Starten var god. Etter å ha hogge innpå ein vaksen egg og bacon-frukost, la vi i veg med godt pågangsmot under blå himmel. Då vi starta frå barndomsheimen i Brattland valde vi ikkje den tradisjonelle ruta frå Kreklingen. Vi gjekk opp forbi Sandefeltet og hamna ganske raskt inn på ein traktorveg som tok oss langt oppover i retning Fjærestadstølen. Vegen følgde vi heilt opp - og litt forbi - første haldepunkt >>>

Map    

I pudder og kvist frå Nonsholten

Date:
03.02.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:00h
Distance:
9.4km

Det var duka for ein klassisk Rindabotn til Nonsholten-tur denne sundagen. Ettersom Tylderingen gjekk i dass for Håvard førre helg, var han lysten på revansj. To vart fort til fire, og snart til fem. Sistemann slengde seg med frå toppen av skiheisen. So bar det innover forbi Kambafjellet med retning holten. Jammen vart vi kruna med ein god porsjon solskin og. Var nesten som ein kunne ha drege fram påske-quizen. Det vart etterkvart ein del prat om retningsvalg og nedkøyringar. Merkeleg kor skråsikker ein er i starten, når ein står og tek heile fjellsida i augesyn. Men so snart ein er på toppen - vips - vert det ein anna deal. Uansett fant vi ei bra nedkøyring frå 1387 ned Grånipa-traseen (yepp, vi nøyde oss ikkje med Nonsholten). Det var her godsnøen hadde gøymd seg dei siste dagana >>>

Map    

Topptur mot Tylderingen

Date:
27.01.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:30h
Distance:
5.5km

Ein kort tur mot Tylderingen med Asle. Som vanleg bles det kattungar (i mangel av betre uttrykk) ved skoggrensa og der var det - sjølvsagt - berre frosen fokksnø. Så då dreit vi i resten og leika oss ned att. Good shit!

Map    

Svartholten, første topptur 2019

Date:
17.01.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:00h
Distance:
4.3km

Siste turen i dritvèr

Date:
31.12.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:00h

Sundagstur i den første snøen

Date:
09.12.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
7.0km
Map    

Ein tur på godt og vondt

Date:
18.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
11.0km

Planen var ein rusletur på ein grusveg til Bjørkestølen. Men jammen vart det til ein rundtur over Storehogen og ned til stølen og tilbake. Motet var høgt oppe (særleg hjå kona) i starten, men når vinden dro seg til og turen vart lenger og lenger, då falt humøret som ein stein i Sognefjorden. Verre vart det når jentungen starte å fryse - då vart det uling som stod i stil med vinden. Vi pakka ho inn i alt som var og la på sprang mot nærmaste le. Det positive med turen skal likevel ikkje underdrivast. Vi fekk ein ganske utruleg solnedgong ned fjellet til Bjørkestølen, og der tende vi opp bål og grilla pølser. Pølser vi knapt såg. Det hadde vorte i seinaste laget og - i mangel av lykt - måtte vi difor famle oss tilbake til bilen i lyset frå kona si mobil-lommelykt med 1 % >>>

Map    

Rask tur til trafoen

Date:
11.11.2018
Characteristic:
Hike

Tittelen seier alt. Rask tur til trafoen. Er det meir å fortelje? Nei!

Map