Vassløysa over Helebrandseggi- eit dugeleg trask (31.05.2019)
Bommen ved Dalaker var stengd slik at vi måtte ta beina fatt innover grusvegen. Når vi var komne fram til stølen Vassløysa gjekk vi om Hellebrandseggi på vegen ned att (altså ikkje den same keisame grusvegen tilbake).
Akkurat her er det god stemning.
Så gjekk turen vidare sørover mellom Vetle- og Storevatnet der vi skilte lag med stien.
Eirik i godt driv over Hellebrandseggi.
Vidare gjekk det i bein luftlinje ned mot Dalaker. Det vart litt klabb og babb nedover fjellet, og jentungen (som på det tidspunktet allereie var småfurten pga. kald vind) vart ikkje i betre humør av å få ei grein piska rett i ansiktet på veg nedover lia. Herding får ein vel kalla det..
Benutzerkommentare