I pudder og kvist frå Nonsholten (03.02.2019)  5


Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 3h 00min
Entfernung 9,4km
Höhenmeter 596m
Karte
Besteigungen Nonsholten (1.390m) 03.02.2019
Nonsholten nordvest (1.387m) 03.02.2019
Besuche anderer PBE Gunvordalen p-plass (430m) 03.02.2019
Rindabotn vinterparkering (600m) 03.02.2019

Det var duka for ein klassisk Rindabotn til Nonsholten-tur denne sundagen. Ettersom Tylderingen gjekk i dass for Håvard førre helg, var han lysten på revansj. To vart fort til fire, og snart til fem. Sistemann slengde seg med frå toppen av skiheisen.

So bar det innover forbi Kambafjellet med retning holten. Jammen vart vi kruna med ein god porsjon solskin og. Var nesten som ein kunne ha drege fram påske-quizen.

Det vart etterkvart ein del prat om retningsvalg og nedkøyringar. Merkeleg kor skråsikker ein er i starten, når ein står og tek heile fjellsida i augesyn. Men so snart ein er på toppen - vips - vert det ein anna deal. Uansett fant vi ei bra nedkøyring frå 1387 ned Grånipa-traseen (yepp, vi nøyde oss ikkje med Nonsholten). Det var her godsnøen hadde gøymd seg dei siste dagana ja.

Her var det god snø
Her var det god snø

Det var likevel ei god røkl med buskvekst og drit frå tregrensa og ned i Gunvordalen som kødda det litt til. Eg fortente visst eit piskeslag i pungen. Men for stakkars John var det visstnok verre. Til slutt tok han like så godt av seg skia og gjekk ca 1 kilometer til fots, i frykt for å verte skambanka av fleire mannevonde greiner.

Nede på parkeringa diskuterte vi kor flott det hadde vore med eit fellesinnkjøp av 1000 geiter som kunne ha teke knekken på dette skitet. Asle lo det heile vekk. Han er aldri seriøs den mannen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.