Menes-traversen (07.07.2018)
Start point | Menes |
---|---|
Endpoint | Grøndalen |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 12h 30min |
Distance | 24.9km |
Vertical meters | 2,297m |
Map |
![]() |
Ascents | Hardbakk (1,460m) | 07.07.2018 |
---|---|---|
Sør for Hardbakk (1,375m) | 07.07.2018 | |
Harevollnipa (1,406m) | 07.07.2018 | |
Nord for Harevollnipa (1,317m) | 07.07.2018 | |
Melsnipa (1,547m) | 07.07.2018 | |
Saueggi (1,494m) | 07.07.2018 |
Så var det 5-årsjubileum for karane på tur.
Det heila starta, i kjend stil, med ein tragisk krangel om mat. Arnold lagde eit lurveleven utan sidestykke då han fekk vite at det kun var tørrfor av laks att til han. Det enda med at han gjekk svolten heile turen.
Etter avgong med to bilar kl. 07.05 frå Balestrand, ein halvtime bak skjemaet, sette vi frå oss ein bil i Vetlefjorden og den andre bilen på Menes. Her var det ok med parkeringar begge stadar, men vi skulle sjølvsagt ha køyrd bilen i Vetlefjorden lenger opp skogsvegen mot fjellet. Det skulle vi angra seinare. Det var eg, tosken, som skal ta på meg skulda for det.
Frå Menes følgde vi god sti oppover. Det var likevel klamt og varmt, til tross for at Arnold hadde bedyra at det maks ville verte ca. 8 grader på fjellet. Dette viste seg sjølvsagt å vere feil, til stor frustrasjon for dei andre to deltakarne (underteikna og Eirik). Til og med Arnold måtte kasta jakka på eit tidleg tidspunkt, og dermed bite i det sure eplet. Allereie her nådde vi bunn-sjiktet på turen. Stemninga vart heller ikkje betre når det kom for ein dag at kikkerten var med vilje (!) lagt att heime i Balestrand.
Nuvel, vi nådde Menes-stølen etter ca. 1,5 t. Der reiv eg to flått av hunden til stor glede for hund og eigar.
Så bar det vidare mot Meneseggi, framleis på god sti.
Neste topp ut var Harevollnipa. Fram dit var det god sti, og utan større problem, med unntak av varierenade sinneutbrot, nådde vi toppen.
Arnold var, til tross for tom mage, no i storslag og uttrykte med stor beigestring at dette var problemfritt, samt at turen nok ville ta 7-8 timar maks. Dei orda skulle han få ete i seg, som ein sylta laks. For etter Harevollnipa starta turen for alvor, og utfordringane stod i kø. Første problemet var nedstigninga frå Harevollnipa.
Dette løyste vi ved å gå vestsida av toppen, i smalt og bratt terreng ned på eggen. Her var det mykje laus stein.
Neste primærtopp ut var 1372, eller Hardbakk som Arnold ville ha det til. Han låg stadig ein topp føre, truleg for å halde motet oppe på tom mage. Forståeleg nok. Det var ei ganske drøy klyving i varmen, og med hunden i armane. Ned att vart det likevel verre. Eg vil ikkje anbefale denne ruta på ein kald og våt novemberdag.
Så var det endå ein seig klyvetur opp på, sjølvaste, Hardbakk. Når vi kom dit var det tid for ein pause med kaffi og gryterett. Men ingen laks.
Turen vidare mot Saueeggi og Melsnipa var ein "walk in the park" til samanlikning med det som låg bak oss. Hunden vart derimot meir og meir sår på dei stakkars labbane sine og måtte berast over verste ura. Etter Saueeggi kunne ein gå rett mot Melsnipa. Eg tok likevel ein stikkveg til Trollakyrkja for å ha nok ein topp å kryssa av i boka. Dette viste seg å vere ein mini-preikestol med vel hundre meter ned på tre sider. Anbefalast! (sjølv om det, til stor forarging i etterkant, viste seg å vere verken ein primær- eller sekundærtopp)
Turen ned att frå Melsnipa gjekk i brattaste laget vest for vatnet for å spare tid. Og hunden måtte etter kvart i sekken, for å spare potar. Det gjekk likevel ikkje lengje før han var klar til ny giv, medan Eirik med sine skranglete kne måtte ta over rolla som handikappa. Hadde Eirik vore hest ville han vel vorte gjort om til pølser på flekken.
Men Eirik er heldigvis ingen hest. Og heldigvis kom vi oss til slutt ned til stien mot stølen og var i ferd med å avslutta turen. Kvar meter kosta no slit. Men Arnold, showmannen, måtte sjølvsagt ta eit rundkast ned skogen for å setje eit retteleg punktum. Det gjekk utruleg nok bra. Til slutt nådde vi skogsvegen, der vi forbanna høgre makter (dvs. meg) for at bilen stod heilt nede i dalen. Ned dit var kort fortald ei seig affære.
Jaja. Etter 12, 5 timar på tur, 25 km og 2297 høgdemeter var det godt å setje seg i bilen og køyre heim til pizza, fotball og fyll.
Takk for turen gjengen!
User comments
Fire glade laksar
Written by Argok54 08.07.2018 21:43Det var kanskje kjøpt inn oppdrettslaks i beste meining, men ein bør spørje på førehand om det er ok. Nokre mislikar heile næringa, nokre synest synd i laksen, er allergisk eller veganar. Elles var det ei god og nøyaktig forteljing om turen, men eg sakna referatet frå den viktige diskusjonen vår om kvifor den eine sokken i paret alltid forsvinn. Dessuten bør det nemnest at 7 av 10 bein svikta. Alle fire på hunden, begge to til Eirik og det eine til Tor. Flotte bilete. Eg har copyright på minst to av dei :) Takk for turen Tor, Eirik og Snusen!