Kvalneset, Runde (02.09.2017)


Duration 3h 36min
Distance 5.9km
Vertical meters 428m
GPS
Visits of other PBEs Runde Fyr (10m) 02.09.2017 12:29

Runde denne sagnomsuste øya, der mang ein mann (og mus) har møtt ein våt skjebne etter å ha vorte knust mot digre fjæresteinar. Her vaks han far Arnold opp - heilt til han fant ut at det ikkje var liv laga, og drog derifrå. Uansett så vekkjer denne øya mange gode barndomsminne.

Denne gongen var vi på Runde fyr som feira 250 års jubileum. Det er ein rimeleg lett tur frå Goksøyra (ja, her kjem familienamnet frå) i noko blaut mark, opp fjellet og så bratt ned att - til Kvalneset. På vegen går ein forbi staden der den flamske handelsskuta Akrendam sakk i 1725. Den hadde kome seg ut av kurs på veg mot Jakarta i Indonesia og forliste her (!) ei stormfull natt 8. mars. Ja, eg tenkjer det same. Da har du jammen meg navigert deg bort i natta. Synd for mannskapet, men kjekt for dei tre sportsdykkarane som fant Akrendam sine 57 000 gullmyntar i 1972, med ein estimert verdi til 30-40 MNOK. Synd Arnold ikkje dreiv sportsdykking i sin spede ungdom.

Nok historie. Jubileumet var elles ganske stas. Greie talar, eit talentfullt kor, eit skodespel som eg ikkje fekk heilt med deg, og - for å ikkje snakke om - eit galent kvinnemenneske som fortalde usamanhengande røvarhistoriar non-stop til ho vart stansa av konferansieren. Far Arnold meinte ho hadde ei diagnose. Det tviler eg ikkje eitt sekund på.

Var ikkje alle som klarde turen like godt.

Den som hadde ein paraglidar her - hadde forsvunne til havs.

Gjengen er samla til pølser og kaffi.

Nokre får helikopter, andre stakkarer må gå (og nokon TRENG å gå)

User comments

  • -
    avatar

    Kvalneset, Runde (02.09.2017)

    Written by Argok54 03.09.2017 21:22

    Saksopplysing: Acherendam, som den flamske skuta eigentleg heitte, var nok ikkje på veg heim. Tvertimot hadde dei akkurat starta turen frå Nederland til Java, men kom ut i eit skikkeleg skitver i Nordsjøen som dreiv dei heilt ut av kurs. Natt til 8. mars 1725 vart dei slått til pinneved på nordaustsida av Runde. Ingen overlevde. Det låg vrakgods og over 200 lik overalt i fjøresteinane. Elles så prøvde vel ho snakkesalige dama å gjenskape noko av uhyggen ved denne hendinga, men det var ikkje spesielt vellukka. Ei vellukka tale varer sjeldan lenger enn 8 minutt heiter det, men det kjendest ut som ho heldt på i 80. Likevel var påstanden om diagnose ein flåsekommentar som eg vil trekke attende. Det burde ha vore usagt. Dagen var elles svært vellukka.

    • -
      avatar

      Sv: Kvalneset, Runde (02.09.20

      Written by Hommpbollen 14.09.2017 20:07

      Du har gode poeng. Og eg trur heller på deg enn wikipedia.

      Når det sagt, Arnold. Sagt er sagt, og spist er spist - akkurat som dei gufne pølsene dei selde i naustet.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.