Eg, meg sjølv og ingen andre

Hommpbollen

Hommpbollen

Tor
(Member since: 07.07.2016)
Country Norway
Account Regular

Og kven er so eg?

Per no er eg ein velvaksen kar med tilhaldsstad i Sogndal. Her bur eg med kona, to ungar og ein nokså hardbarka, liten hund. Eg vaks opp i Balestrand kring vakre fjell, men det tok likevel fleire år før eg forstod kva dei kunne brukast til. Og etter 6 studieår i Vestlandets hovudstad Bergen, vart eg og fjella skild som følgje av jobb i Oslo. Der trakka eg og kona rundt mellom betongblokker i ca. 5 år før vi/eg flytta heim. Det var ein særdeles god beslutning!

Nok sjølvskryt. Når det gjeld turbloggen gir denne eit - reint subjektivt - bilete av opplevingane mine som er basert på oppfyllinga av følgjande kriterier for å kunne kvalifisere som bokfyll:

1. Det skal vere til fjells og helst innebere meir enn 50 høgdemeter. "Flatlands-dassing" er no-go!
2. Det skal innebere ei viss oppleving, i form av å nå ein topp eller gå ei spesiell rute. Den daglege rusleturen 100 gongar på rad? Gløym det.
3. Det skal ikkje ha føremål om å vere ei rein treningsøkt. Jogging eller ei runde i langrennsløypa kan ein registrere på Strava (ja, eg gjer faktisk det og).
4. Det skal i all hovudsak føregå på andre stadar enn asfalt. Her rauk maratonen.

Turen kan, etter ei samla vurdering, kvalifisere til bokfyll sjølv om ikkje alle kriteriane isolert sett er oppfylt.

Så til sjølve innhaldet. Fjellturar er generelt kjekt og minnerikt. Eg er likevel nokså lei av glansbilete og retusjerte fjell-selfiear som flommar over i sosiale medier! Det er ei grunnlovfesta kjensgjerning at alle fjellturar slettes ikkje er som eit solrikt postkort frå Patagonia. Dei kan rett og slett vere ganske bånn i bøtta! Det hender jo titt og ofte at ein må slite seg gjennom dritvér, at kleda/skoa ikkje held vatn (eller så er det nettopp det dei gjer, og ein endar opp med å verte søkkvåt og forkjøla), at formen og humøret er sviktande av andre grunnar, eller ein kjem ut for mannevonde dyr og grunneigarar. Utfordringane kan vere mange og skaderisikoen er generelt høg. Det er med andre ord ingen grunn til å glorifisere alle fjellturar!

Dette (glans)biletet vil eg nyansere. Eg har rett og slett sett det som det mål å få fram alle fasettane ved turopplevingane mine. Så får dei som ikkje likar mine ærlege, evt. negative, forteljingar lese ein annan turblogg (sjølv om eg uansett har vanskeleg for å tru at det er nokon som les denne bloggen). Om det likevel er nokon som er viljuge til å kaste vekk tida si på dette, så KAN denne bloggen vere ei fornøyeleg lesing (og då spesielt om kjekke, og mindre kjekke, turar i Sogn). Bloggen kan elles vere inspirerande/avskrekkande for dei som har tenkt seg på einstøing-turar, turar med hund, eller "familie-slagaren"; tur med hund, kone og born! Her er det nok å ta av, og mykje å velgje vekk.

Men berre så det er sagt: turtipsa i denne bloggen utøvar du eige ansvar! Om du - eller andre som les han over skuldra di - går deg/seg vill eller i verste fall vert skada etter "inspirasjon" av bloggen min, så får du legge skulda på naturen, DNT eller grunneigaren.

Med atterhald om dette, ønskjer eg deg sjølvsagt lukke til på reisa! Det treng du.

Hommpbollen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.