To turar i Øyerfjellet (21.08.2021)
Bestigninger | Goppolfjellet nord (1185moh) | 21.08.2021 12:47 |
---|---|---|
Goppolfjellet (1193moh) | 21.08.2021 12:57 | |
Skinnfjellet (1050moh) | 21.08.2021 15:20 | |
Rokfjellet (1044moh) | 21.08.2021 16:19 | |
Andre besøkte PBE'er | Rokfjellstugua (966moh) | 21.08.2021 15:55 |
To turar i Øyerfjellet med pappa og Kristine. Kristine og eg hadde ikkje vore på Goppollfjellet før, medan pappa ikkje hadde vore på Skinnfjellet før. Der var Kristine og ein haustdag for fire år sidan.
Goppollfjellet vart første tur. Vi parkerte på Hjellsetra. Der vart vi møtt av nokon veldig tamme geiter. Vi gjekk så på godt råk opp på Nordtoppen, før vi gjekk vidare til hovudtoppen, eller Høgtinden, som det står på kartet. Kristine og eg hadde med bærplukkare, og vi plukka ganske mykje blåbær. Vi fann også litt molte. Det var bra råk også ned til Trosvik.
Vi køyrde så attende vegen, og over til Slåsetra. Derifrå gjekk det godt råk opp til både Skinnfjellet og Rokfjellet. Rokfjellet var ein flott topp, og utsikta over til Djupdalskampen og Svangkampen var særs bra.
På Skinnfjellet gjekk pappa på sørtoppen, medan Kristine og eg prioriterte å plukke bær. Bærfangsten vart ganske bra på desse to turane.
Kommentarer