Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Ulvespor og omveg!

Date:
28.01.2016

Denne toppen ligger kun ein femminuttars køyretur frå heimen, så det er eigentleg litt flaut at eg ikkje har vore her før. Eg køyrde frå Åmdals Verk mot Vrådal. Og parkera på Gaastjønnhøgda, akkurat i den skarpe svingen med ein bunker. Eg gjekk så med friskt mot rett opp mot det eg trudde var toppen. Det gjekk greit over første topp, så ned i ein dal. Herfrå var det veldig tett skogen og bratt mot det eg trudde var toppen. Det var ikkje ideelt med ski med andre ord. Vel oppe her, tok eg bilete og sjekka GPS'n. Då oppdaga eg at det var to nye toppar før eg var på toppen. På toppen var det ein varde og fin solnedgang, og fin utsikt mor Vråvatn og Vrådal. Såg også nokre ulvespor på veg opp mot toppen, og det hadde vore stor aktivitet i området tidlegare i samband med jakt >>>

Map