Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Til topps i Pyreneane!

Date:
09.09.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den sjette toppen var Andorras høgaste fjell, Coma Pedrosa. Etter nokre dagar i storbyen Barcelona, ein ferjetur til Mallorca og eit koseleg besøk hjå nokre vener utanfor Barcelona, var det tid for fjell og eventyr att. No var det den høgaste toppen i det vesle landet Andorra som var målet. Andorra er for eit fjelland å rekne, det ligg inneklemt mellom Frankrike og Spania og har mykje fjell og dalar. Eg hadde på førhand høyrd at Andorra var ei kryssing mellom Rjukan og Svinesund, og at det var litt harry. Etter å ha sett meg rundt om i hovudstaden kan eg ikkje sei meg heilt enig, det var mykje flotte butikkar og eit koseleg folk, så her var det ikkje >>>

Map    

Toppen av Monaco er ein heis!

Date:
02.09.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den femte toppen var Monacos høgaste fjell, Chemin des Rèvoires. Etter ei natt i Pisa gjekk turen fyrst til det mest kjende landemerket i byen, nemleg det skjeive tårnet. Artig å sjå at det faktisk hellar så mykje som det gjer, og at det framleis stend. Det hadde vore moro å teke ein tur opp i sjølve tårnet, men med ei ventetid på omlag to timar får det heller vente til ein annan gong. Difor gjekk turen vidare mot det vesle fyrstedømmet, Monaco. Frå motorvegen køyrde eg nedover og nedover og hamna etterkvart i Monacos trange gater. Det var vanskeleg å finne parkering, og vanskeleg å finne ut kor ein hadde lov å køyre. Etter å ha svinga nedom >>>

Map    

Til topps i verdas eldste republikk, San Marino!

Date:
01.09.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den fjerde toppen var San Marinos høgaste fjell, Monte Titano. Etter nokre dagar på vegen i Tyskland, Sveits og Italia var det no klart for det vesle landet San Marino. San Marino er verdas eldste republikk og ligg som eit land inne i Italia. For nordmenn er kanskje landet mest kjent for å ha tapa 10-0 mot Noreg i fotball. Eg måtte difor ta meg ein tur å sjå på nasjonalarenaen deira, den var ikkje like flott som Ullevaal stadion, men artig å sjå. Når eg kom inn i San Marino var det lett å sjå kor ein skulle, det var berre å køyre mot toppen. Her fann eg ei parkering og byrja å rusle rundt om i dei tre borgene her oppe, flott utsikt over heile San >>>

Map