Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Toppen av Ungarn!

Date:
24.08.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den andre toppen var Ungarns høgaste fjell, Kékes. Etter ei natt i Prahas gamleby sette eg kursen for Ungarn og den høgaste toppen der, Kékes. Det er ein lang tur, men på gode vegar gjeng det ganske så fort. På turen skulle eg også få to nye land på CV`n min, nemleg Slovakia og Ungarn. Eg køyrde gjennom store delar av Tsjekkia, fekk meg frokost på McDonalds, noko eg aldri kjem til å gjere att, for det er noko av det verste eg har smaka!!! Kom inn i Slovakia og passera kanskje verdas største internasjonale kryss, for eg kunne velge å køyre til Polen, Austerrike, Ungarn eller Ukraina. Turen gjekk til Ungarn, her måtte eg stoppe på ein bensinstasjon >>>

Map    

Frå Berlin til toppen av Tsjekkia!

Date:
23.08.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den fyrste var Tsjekkias høgaste fjell, Snezka. Eg starta tidleg frå Berlin der eg hadde tilbragt natta på eit hostel saman med to ukrainske jenter. Målet for dagen var Snezka og å kome til Praha der eg hadde tenkt å overnatte. På vegen til Snezka måtte eg innom Polen, og grensepasseringa frå Tyskland til Polen hadde vore ubemerka om det ikkje hadde vore for den store skilnaden på vegstandard. Frå nydelege motorvegar i Tyskland gjekk eg over til humpute og fæle vegar i Polen, det rista og slo voldsomt i Golf'n. Etter eit lite stykke på desse vegane vart eg utsett for eit ransforsøk, som eg heldigvis greidde å gjennomskue. For framom meg var det >>>

Map