Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Rogalandsraid dag 2 - Bokn

Date:
12.08.2014

Etter ei heller ubehageleg natt i bilen under høgspentlina, starta eg tideleg frå parkeringa litt utanfor Haugesund. Målet for dagen var fleire toppar i Rogaland. Eg køyrde på E39 mot Stavanger og tok etterkvart av til Bokn kyrkje. Her fann eg ei fin parkering og det var skilta mot toppen. Det går ein veg opp til toppen, men her er det bom, så ein måtte ta beina fatt. Det var ein fin rusletur på morgokvisten, men ein del vind og litt grått vêr. Det var mykje vind og ei bok på toppen, god utsikt over dei ulike øyane her. Turen gjekk så vidare med ferje til Rennesøy.

Map    

Rogalandsraid dag 2 - Stavanger

Date:
12.08.2014

Eg kom frå Randaberg på E39, og fylgde skilting mot Ullandhaug. Eg kom på toppen av bakken og parkera på ein eigna plass. Eg måtte gå den seiste kneika til toppen og til det store kvite tårnet som står her oppe. Det er ein veldig lett topp å bestige, det var også mykje folk på toppen denne dagen. Eg knipsa nokre bilete og turen haldt fram til Sola.

Map    

Rogalandsraid - Karmøy!

Date:
11.08.2014

Nokre helger før skulen skulle starte att, fann eg ut at eg hadde fri og såg difor at eg hadde moglegheit for nokre kommunetoppar. Sidan eg aldri hadde vore i Haugesund, passa det fint med ein tur over fjellet. I dette distriktet er det også mange toppar som ligg på rad og rekkje. Dei tek heller ikkje så lang tid å bestige. Difor fann eg ut at ein overnattingstur kunne vere fint. Haugesund og Karmøy var målet den fyrste dagen, planen dagen etter var å ta så mange toppar på vegen til Stavanger som eg kunne. Og kanskje kunne det vere moglegheiter for ein tur til Noregs minste kommune, Utsira. (Måla i folketal, Kvitsøy er mindre i areal). Turen gjekk difor frå Åmdals Verk, over Haukelifjell på E134. Eg kom då på E134 og tok av i Skre mot Kolnes. Køyrde vidare litt inn i byggefeltet >>>

Map    

Rogalandsraid - Haugesund!

Date:
11.08.2014

Etter å ha vore på Karmøy sin høgaste topp, og teke meg ein tur rundt om på Karmøy. Var eg no klar for Haugesund sin kommunetopp. Eg køyrde difor frå Karmøy og inn i Haugesund sentrum. Turen gjekk vidare nordover på rv. 47, her tok eg av mot Kvalvåg. Køyrde eit lite stykke på denne vegen, heilt til eg kom til ein bakketopp, der det er ein trafo og ein liten parkeringsplass. Herfrå gjeng det sti til topps. Det var ein voldsom vind på toppen, og det var tydeleg at den tropiske stormen Bertha har nådd Vestlandet! Eg tok den lette løysinga og sov i baksete på Golf'n. Sidan det allereie var seint sov eg berre på parkeringa nedanfor toppen. Det vart ikkje så mykje søvn denne natta, litt ukomfortabelt å liggje, men også tordenvêr som buldra utanfor. Eg hadde lagt meg rett under >>>

Map