Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Min fyrste nasjonstopp!

Date:
27.03.2011

Litt rart at min fyrste nasjonstopp vart Malta, men like moro! Etter ein lang skisesong var det tid for litt ferie og avslapping. Det frista med varmare strøk, og norwegian hadde rimelege billettar til Malta. Eg ringa Victoria og spurde om ho ville vere med, sjølvsagt ville ho det. Ho var mest interessera i sol og varme, og eit håp om å få litt farge. Eg på mi side var vel så oppteken at det var eit nytt land og at det var moglegheit for min fyrste nasjonstopp. Etter å ha slappa av med bassenget nokre dagar, var det tid for topptur. Eg hadde gjort ein del førebuingar, og hadde gjort meg kjent med kva for buss me måtte ta og kor toppen låg. Det gjekk overraskande lett å finne fram, me hoppa berre på buss nr. 81 og den køyrde oss heilt til topps. Me hoppa berre av når det såg >>>

Map