Langs Mjøsas bredder! (12.06.2015)
Besteigungen | Fjellsjøkampen (812m) | 12.06.2015 |
---|
Kom frå Østre Toten sin høgaste topp, Torsæterkampen på grusvegen frå Torsetra. Det føltes ut som ein skjult veg midt inni skogen, utan ein einaste annan bil, ogplutseleg var ein ved ein hovudveg att. Ute på ein større veg køyrde eg vidare ned mot Hurdal og derifrå vidare mot Brandbu. Her kjem det eit skilt mot Fjellsjøkampen, men det er bomavgift på kr. 40 som betalast via SMS. Køyrde denna vegen til eg kom til ein gard, her var det ein grind i enden av vegen og eg var usikker på om eg berre kunne opne å køyre inn. Då kom bonden ut å sa at eg måtte gjennom grinda og litt vidare om eg skulle på toppen. Eg takka for informasjonen og køyrde om lag 100 m før det var bom og parkeringsplass.
Frå her fylgde eg blåmerka sti til topps, der det var eit stort fint tårn.
Fin topp og ein ekstra artig topp, sidan dette også er ein fylkestopp, det var lenge sidan seist!!!
Eg bruka litt over 1 time opp og ned, så det er ikkje så lange turen.
Eg hadde litt att av dagen, difor gjekk turen vidare til Eidsvoll.
User comments