Toppen av Monaco er ein heis! (02.09.2015)


Map
Ascents Point near Chemin des Révoires (161m) 02.09.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den femte toppen var Monacos høgaste fjell, Chemin des Rèvoires.

Etter ei natt i Pisa gjekk turen fyrst til det mest kjende landemerket i byen, nemleg det skjeive tårnet. Artig å sjå at det faktisk hellar så mykje som det gjer, og at det framleis stend. Det hadde vore moro å teke ein tur opp i sjølve tårnet, men med ei ventetid på omlag to timar får det heller vente til ein annan gong. Difor gjekk turen vidare mot det vesle fyrstedømmet, Monaco. Frå motorvegen køyrde eg nedover og nedover og hamna etterkvart i Monacos trange gater. Det var vanskeleg å finne parkering, og vanskeleg å finne ut kor ein hadde lov å køyre. Etter å ha svinga nedom både casino og hamna med min gamle rustne Golf, fann eg til slutt eit parkeringshus litt lengre opp i bakken og parkera her. Golfen passa ikkje heilt inn blant millionbilar og bilar til arabiske prinsar flydd inn berre for å visast fram. Med det sagt var det veldig artig å sjå Monaco, både casino, hamna og vegane der det kjende Rally Monte Carlo gjeng, og vegar ein har spela på Grand Turisimo på playstation. Hovudmålet mitt her var likevel ikkje å sjå alle desse flotte stadane eg hadde sett på film og fjernsyn, det var nemleg å bestige det høgaste punktet i landet.

 Det skjeive tårnet i Pisa!
Det skjeive tårnet i Pisa!

Ei noko sær interesse er det, men eg får sjå mange stader som ein ellers ikkje ville ha sett. Nå gjeng ein ikkje glipp av så mykje om ein ikkje ser vegen eller sjølve toppunktet i Monaco, men likevel. Eg hadde på førehand lest meg opp og funne ut at det høgaste punktet i Monaco ligg på toppen av ein offentleg heis. Staden heiter Chemin des Rèvoires og er ein gangveg i skråningen på det høgare fjellet Mount Agel. Men sidan toppen på Mt. Agel ligg i Frankrike må ein nøye seg med eit punkt som Monacos høgaste topp. Eg fann etterkvart fram til denne gangvegen og fann til slutt den offentlege heisen som markera toppunktet. Her blei det teke bilete, og om nokon ser igjennom overvakningsvideoen vert dei nok forundra når ein mann stend i fem minutt og teke bilete framfor ein heis. Turen gjekk så vidare langs den franske riviera og til Montpellier.

 Ein stussleg kar med sjølvutløysar på toppen!
Ein stussleg kar med sjølvutløysar på toppen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.