Bjørnakanten og Verafjellet (10.07.2019)


Startpunkt Heimvike, Osterøy
Endpunkt Langeneset, Osterøy
Tourcharakter Bergtour
Entfernung 4,7km
Höhenmeter 393m

Båt til Heimvike. Der ligg det to gara som vert dreve.Ein tek opp på skogsveg forbi første raude løa ein ser. Ein følge skogsvegen og held l venstre ved alle vegskilje. Då svingar den seg opp mot Bjørnakanten. Ved enden av skogsvegen føl ein godt hjortatråkk rett til toppen av Bjørnakanten.
Bjørnakanten og Verafjellet er skilt av eit skar som det er vanskeleg å krysse. Det enklaste er å gå tilbake til skogsvegen og så gå inn i skaret der i frå og så finn ein ein høveleg plass å koma seg opp. Eg fann ein heilt på toppen av skaret før det vendte nedover mog Toni.
Det er forholdsvis lett å finne vegen til toppen som liggvest for vatnet på toppen. Nydeleg utsikt innover og utover fjorden.
Vegen ner att er ikkje så enkel å finne om ein ikkje vel å gå neratt vegen ein kom opp. Verafjellet har stup langs heile sør og vestsida, men det er kløfter ein kjem seg greit ner i sjølv om det er bratt. Eg fann ei på sørsida litt vest for vatna.

Heimvike
Heimvike

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.