Trollaksla. Hornindal/"nye" Volda pf100 komplett (20.05.2022)


Map
Ascents Trollaksla (1,256m) 20.05.2022
Trollaksla vest for (1,197m) 20.05.2022

Planen for dagen var egentlig fyrste ferje frå Standal til Trandal og Blåbretind++, men han eg skulle ha med meg som først hadde fått fri frå jobben fekk beskjed om at han måtte jobbe fram til lunsj likevel. Sidan han jobbar i Måløy gjekk då Trandal ut av planane så det sang. Viste seg at det var ein setup for stakkaren som ikkje likar merksemd på dagen, men runda 40 år. Kake, song og musikk i kantina på jobb..

Trollaksla har eg hatt ståande igjen lenge av ein eller annan grunn, så passa forsåvidt fint med ein kveldstur. Bestigning nr 1000 for min del (av det eg kan hugse og har registrert), 42 årsdag, siste topp i gamle Hornindal kommune og siste topp i "nye" Volda kommune pf100m. T-skjorte og shorts både opp og ned, deilig passe tjukt slushlag å kjøre nedatt i nesten heilt til botnen i skogen.

Sidan bonden satte pris på at eg kom frå gard var det heller ingen problem med parkering sjølv om det var nok av skilting om privat veg og parkering forbode. Fantastisk utsikt frå Trollaksla v.f. der profilen på Honndalsrokkjen er strøken og Skårasalen har ein imponerande spiss profil lengre bak.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.