Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (336)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Vetanosi
- Datum:
- 28.08.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,6km
Tur etter jobb i dag. Alltid fint å gå opp frå Fodnes. Sjølv etter gode regnbyger siste dagane, er det ikkje særleg blautt i stien. Det som er tøft med denne turen, er at terrenget blir brattare frå Stegen, 565 moh., og enno brattare frå ca. 700 til 1050 moh. der det etter kvart flatar litt ut. Anstrengende opp. Utsikta nedatt er formidabel, og returen er lettare for lungene. Låra får køyrt seg litt da. Brukte 1:39 frå stistart borte ved Fodnes, og til toppen. Nedatt 55 min. God treningsøkt.
Hemsedal, Veslebotnskarvet m. fl.
- Datum:
- 17.08.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 24,9km
Var litt i tvil om turen lot seg gjennomføre i dag grunna vind. Satsa på Yr.no sin overestimering. På brattaste partiet mot Kyrkjebønøse var det vanskeleg å halde seg på føtene grunna vinden. Men det roa seg oppå fjellet, og vinden var i ryggen. Leinnøse etter 1:55, og då tok eg avgjerd om neste topp. Kunne alltid sleppe seg ned i Trøymsbotn, om det vart for gale. Men rundturen gikk som planlagt, og vinden var berre sporadisk til plage. Godt nøgd med rutevalet, og eg hadde førebudd meg og sett på diverse spor til liknande rundar. Men valet tek ein stort sett ved å lese terrenget, når det er bra sikt som i dag. Appen og sporet er godt å sjå til om ein er usikker, eller litt ute av kurs. På siste toppen var plan å gå i retning vatnet, men urda var grei, og eg slepte meg >>>
Hemsedal, Grytingen og Storehorn
- Datum:
- 11.08.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:58h
- Entfernung:
- 13,9km
Køyrde til Hemsedal og på holete grusveg opp til Hornset parkering. Volum-besøkande går nok til Veslehorn og fotograferer styrtningane der. Eg gikk 10 meter på sti, og så rett opp til fyrste topp, Slettefjell i Hemsedal. Bratt start på dagen, men lettare vidare. Eit steppeliknande landskap, så med ismett av myr-område. Greitt og lett til Grytingen. Mykje same rute nedatt frå fjellet, og så langs vatnet i retning Storehorn. Denne og den mindre Veslehorn er flotte fjell, spesielt frå nokre perspektiv. Det er bratt opp mot Storehorn, 270 brutale høgdemeter frå innsteget. Men det er fint å gå opp, og ikkje vanskeleg. På toppen blæs det kraftig. Sette meg i ly bak ei fjellhylle og åt litt. Så nedatt, og opp på Veslehorn. Tilbake på hovudstien. Nokre få regnbyger i dag, som >>>
Geitanosi
- Datum:
- 06.08.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:46h
- Entfernung:
- 7,7km
Fin ettermiddagstur med Sander. Parkerte ved brua etter Hornsvatnet. Sti og varding innover fjellet. Lettgått og enkel tur. Flott utsikt mot toppar og dalføra. Såg ned i Vassbygdi. Gløymde å stoppe appen. Tur-lengd er korrigert etter polar-klokka, og gps-sporet er sletta. Raskt å komme seg til høgfjellet ved å køyre snøvegen til Aurlandsfjellet.
Årdal, Fleskedalsnosi m.fl.
- Datum:
- 01.08.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 23,7km
Ny tur i Jotunheimen på andre av to feriedagar midt i veka. Nytt for meg å gå tur frå Koldedalen. Fint å gå innover, og Uranostinden er umåteleg vakker tett på. Vi gikk opp eit skar, fyrst på Skarbottnosi, så nedatt, og opp på «Fleskedalsnosi». Namnsettinga på denne er truleg feil. No har eg nytta namnet Fleskedalsnosi, fordi det er namnet som automatisk kjem opp frå Peakbook. Kartverket nyttar Skarbottsnosi, som må vere feil. Skarbottsnosi må vere 1693-toppen. Etter innspel basert på lokal kunnskap over tid, har fjellryggen namnet Fleskenosi, og då bør høgaste toppen bere namnet Fleskenostind. Greitt ned frå denne, nytt skar, og opp til Nord for Fleskedalsnosi (som burde hatt namnet Nord for Fleskenostind, eller Fleskenosi, sidan den er nest høgast, og høgast før «Tinden»). >>>
Vang, Storegut m. fl.
- Datum:
- 31.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 26,4km
Fin tur med Ove på sank etter Vang-toppar. Tre i boks, som låg høgt og vide, så turen kjennest i kroppen. Vakkert er det når ein kjem litt opp i høgda. På ein slik lang tur opplever ein eufori av landskap og utsikt, men også møte med mindre koselege flankar med lausmasse. Følgde sti mot Olavsbu opp til bru. Mest utanfor sti og visuell navigasjon derifrå til dei tre toppane. Siste bratte del opp flanken mot Storegut, var svært laus. Ser at nokre har gått siste del litt lenger aust, og runda mot toppen frå sør, som kan vere like greitt. Vi kom greitt opp og ned i alle fall. Drug transport-etappe på mykje steinete sti tilbake til Eidsbugarden.
Storehaugfjellet og Storehaugen
- Datum:
- 28.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 13,3km
Fellestur med Lærdal turlag. Seks personar og ein hund var med på fjelltur med to toppar i Kaupanger i dag. Plan til turlaget var den grøne utsiktstoppen Storehaugen. Laget vart med på å gå til høgaste punktet og. Storehaugfjellet med mastene og tekniske installasjonar er tre meter høgare, og har primerfaktor på heile 980 m. Flott utsikt då vi vann høgde, og kom ut på ryggen oppover. Vi valde Storehaugfjellet fyrst. Noko sur vind eit kort stykke mot toppen. Regnbygene heldt seg unna oss. Matpause ved mastene på toppen. Så retur og opp til Storehaugen, som baud på svært flott utsikt. Her var det fleire folk som hadde lagt turmålet. På turen tilbake valde vi ei anna rute som variasjon. God sti og merka også om Bjørkastølen. Kjekk dag i lag med folk på tur.
Horgehorna
- Datum:
- 25.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 12,7km
Tur med bekjent i jobbsamanheng i dag. Valde Horgehorna frå kyrkjene på Borgund. No er det i overkant vegetert på tidleg fase av stien, men i juli månad blir det ofte slik. Stien treng noko re-merking og lett rydding også. Finare å gå etterkvart, og veldig flott når ein kjem ut av tregrensa og innover mot Øygardsbotn. Valde litt tettare på opp mot fjellet enn ved tidlegare turar. Grei rygg, og no tett og fint varda oppover denne leia. To stokker med raudmerke og. Nydeleg utsikt frå toppen. Bort til minste varden er obligatorisk, sidan det er høgaste punktet. Litt mat og skue, før retur. Valde om Øvre Liastøl for variasjon sin del, og veit at stien ned til Nedre Liastøl er rask. Prøvde oss så på stien ned mot Li. Den mista vi i det vi stod på den. Her er merkinga med raudt >>>
Vang, Øyre og Ørnenøse
- Datum:
- 20.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 14,9km
Nydeleg tur i god varme med t-skjorte og shorts heile vegen. Valde stien mot Kljåen fram til det var naturleg å sikte inn på Sauehaugen. Bratt ned frå denne, men det var trakk/sti og greitt. Gikk vidare tett på undersida av neste haug, og kom i fin posisjon til berget, og det brattaste partiet. Opp ryggen på hyller litt att og fram til eit flatere parti med fleire tydelege renner. Klauv greitt det korte klyvepartiet, og så straks oppe. Litt stigning til, så litt ned i skar, og lett opp til Øyre. Vidare i greitt steinterreng bortetter. Gikk meg på ein reinsflokk. Litt sky var dei. Så ned i skaret, og opp til Ørnenøse. Flott utsikt på turen frå toppane og undervegs til nærfjella, og Jotunheim-veggen. Valde ruta ned mot stien frå Kjåen på retur. Det var ikkje spesielt bratt, >>>
Aurland, Stiganosi og Storebreen.
- Datum:
- 13.07.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 25,3km
Ein fantastisk tur i dag. Var heldig å få med meg tre slekningar, etter ein open invitasjon på FB dagen før. Frå Langhuso i Underdal og inn Jonadalen. Og denne dalen hadde det meste. Fin og grei sti med stup-bratte fjell på begge sider innover. Gjel, foss, urar, gamle stølstufter på Jonadalsstølen, og innst inne i denne dalen, grønt, grøderikt, med utruleg flotte fjelltoppar. Fin oppstigning til høgfjellet, og flott å sjå alle dei fantastiske fjellområda rundt om på alle kantar. Dei som har teke dei to snarvegane til Stiganosi, særleg den fyrste, har gått glipp av indrefileen. Euforisk Einar på tur i dag. Vi er på den varda DNT-ruta mellom og Grindaflet-hytta og Langhuso. Vakker sti opp frå Jonadals-botn til høgfjellet. Frå fjellet-platået var det gode 4 km i stein >>>