Arkiv - datum

Listor jag samlar på

Favorittoppar

Roan

Datum:
09.07.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
2:58t
Avstånd:
10,1km

Tekst kjem..

Karta    

Vrådal

Datum:
08.07.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
3:34t
Avstånd:
13,7km

Fin tur. Men treng ei forklaring. Sporet stoppa, så ny start av appen, men data er korrigert etter Polar M. Det siste korte partiet opp til Austre Roholtfjell var det bratt klyving nokre få plassar. Andre kjettingparti var litt vanskeleg på returen. Flott varde på toppen. Prøvde meg så vidare til hovudmålet Vestre. Gikk fint ei stund. Vinden hadde no teke meir tak på egga, og det var meldt kastevind opp til 14 i dag. Egga vart smalare. Prøvde 10 meter ned på sva i flanken, men følte det usikkerheit, grunna bratt sva. Utan vind hadde dette truleg vore grei skuring. Skal ha litt marginar når ein går aleine. Må prøve til att. Men sjølve turen frå brei graskledd skogsveg med flott furu, til dei fantastiske blank-skura svaa, var ei fin naturoppleving.

Karta    

Fagerliheii

Datum:
07.07.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
6,1km

Kjapp tur til ein topp med god primerfaktor. Telemark er ein fin landsdel å feriere i. Variert landskap, og mykje fin kultur. Her var det litt skog i starten. Vidare mest sva-fjell med godt feste. Nokre få plassar med klyve-punkt og nokre litt smale hyller, men innafor. Ved regn hadde dette vore ein mindre eigna tur. Litt vind på toppen, men for det meste sol og passe varmt ver. God utsikt frå toppen, som ligg nokre hundre meter forbi den veldig fine varden. Traff på tre unge nederlendarar. Dei hadde til mi undring vore nokre gonger på toppen. Ein av dei sa at bestemora hans hadde ei lita hytte i nærleiken. Fin tur og god trim.

Karta    

Brattefjell

Datum:
03.07.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
16,0km

Tur til høgaste topp i Seljord kommune. Passerte Åmotsdal, og tok opp fyrst bratt humpete asfalt-veg, som betre grusveg. Parkerte ved Bjåen. Tok terrengsykkel frå hyttefelt like før bru. Fint med bratt å sykkle 2,6 km inn til Sandsetvatnet. Framh.....

Karta    

Vigdalen - tre toppar.

Datum:
22.06.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
20,2km

Min fyrste tur inn Jostedalen for å gå topp-tur. Køyrde opp til parkering ved Vigdalstøl. Bratt og svingete, men fin asfaltert veg. Grusveg på bomveg siste par km. Gikk 100 meter tilbake og over bru og sti mot Fivla. Sporet svikta fyrste km frå parkeringa. Frå sti-krysset tok eg til høgre i retning DNT-hytta Fivla. Tok så av stien nokre hundre meter før DNT-hytta, og gikk utanom sti til toppen. Greitt men nokre skrentar innimellom. Flatt på topp-punktet. Retur same veg, og no vart det bushing opp mot Storhaug. Denne toppen blir kun besøkt grunna samle-lista. Heilt tilgodd på Storhaug. Ruta nedatt la eg i retning stølen Breisete. No fann eg fin sti som følgde ryggen. Så leita eg litt ved elva for å finne gamle stien mot Drivande. Denne stien bar preg av at den er lite nytta, >>>

Karta    

Bremangerfjell

Datum:
14.06.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
10:43t
Avstånd:
22,0km

Fantastisk tur, og difor mange bilder og med utfyllande tekst.Kom opp dagen før turen. Parkerte bubilen ved oppstillingsplass 200 meter sør for tunnellen ved Magnhildskardet. Området har tavler med omtale av turstiar til fleire turmål i området. Laurdag kl. 9 var det tur-start oppe ved tunnellen. Stien gikk opp på høgre side av tunell-inngangen. Fjellbjørkeskog i starten, og snart var vi oppe i dette særprega landskapet av devonsk sandstein. Over 200 hyller er det i området, der høgda kan variere frå 50 - 200 meter. Landskapet kan verke "rotete", og er openbert vanskeleg å navigere i. Særprega natur i Norge, men også i internasjonal målestokk. Difor var det svært spennande å vere med på denne turen. To geologar, der ein var professor, var også med. I alt var det >>>

Karta    

Store Haugmelen m.fl.

Datum:
11.06.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
19,7km

Ruta eg valde til Store Haugmelen i dag, var ny for meg. Etappa frå Vardeheii til toppen føl stien som blir nytta til løpet Lustrafjorden inn, som finn stad i sommar. Frå Vardaheii var det eit lett og flott landskap å gå/springe i. Fleire fine vatn her. Noko blautt like under fjellryggen. Utsikta frå toppen er formidabel. Gå vel 50 meter vidare til den lægre varden så får du den beste utsikta. No heldt eg fram ned ryggen og vidare til Vetle Haugmelen, her utan sti heilt til stølen Breisete. Ned flanken frå siste toppen skal ein vere litt varsam, då det er lyng-terreng, og skjulte hol ein kan trø nedi. Tett skog siste partiet mot stølen.Traktorveg ned til Breisetevatnet, som er drikkevasskjelde. God grusveg nedatt til Dalaker parkering.

Karta    

Jordanger - Nipa

Datum:
07.06.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
9,7km

Då vart det "strafferunde" i dag grunna avbrot Grånosi. Parkerte ved flotte Jordanger kyrkje. Grind merka "Lyngsete" like ved. Nokre raude merkje fyrst på ruta. Jamt bratt rett opp i vekselsvis bar og lauvskog. Der ruta avvik frå merka sti på kartet midtvegs, var det tydeleg sti. Fleire stølstufter under vegs. Fint på stølen Lyngsete like under toppen. Derifrå gikk eg ganske rett mot toppen i staden for mot "Spegelen", som sikkert hadde vore lettare. Så bratt ned i retning tangering av stien, og kort ned til stølen Røyteholet. Her var både sauer og geiter. Sti til eg kom til ei stor parkering. Flott grusveg nedover. Fint å sjå dei frodige gardane, etter kvart nedover. Fin utsikt. Rundturen enda ved Jordanger kyrkje etter vel 2 timar. Her var det >>>

Karta    

Navarsete - Vorfjellet

Datum:
07.06.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
12,7km

Fyrste tur i Engjadalen for min del. Bomveg siste delen, og Gjetarhaugen parkering om lag 1 km frå DNT-hytta Navarsete. Traktorveg dit. Vidare på DNT-sti mot den fine stølen Heggedalen. Bratt opp ved fossen til Heggedalsvatnet, som framleis var heilt islagt. Brui over osen hadde kolapsa (for nokre år sidan?). Måtte halde seg i den, og gå på steinar i elvi. Gjennom-blaut på føtene. Rett opp flanken mot Vorfjellet. Kun ei par korte og greie snøfelt, men bratt fyrste del. Flott utsikt mot Asbjørnnosi og Såta/Hest. Vel nede att, vurderte eg Grånosi. Opp Jørund-skorane var det mest snø, og det såg blautt ut der det var fritt. Eg prøvde meg rundt, men var i tvil. Då kom til fjellfoten, såg det snøheilt ut mot toppen. Om eg kanskje hadde kara meg bort på ryggen, så var det gjerne >>>

Karta    

Stølhaugen

Datum:
29.05.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
5,4km

Årsaka til at ein satsar å nå denne toppen, er vel ein slags ufarlig «sjukdom». Den står på «Valdres-lista» på Peakbook, så då må den med. Grusvegen mot toppen hadde terningkast 6. Den var stengt med bom (åpen), og varsel-skilt om stenging. Det er heilt greitt. Grunneigarar må sjølv bestemme. Ikkje så lang anmarsj på grusveg her, som til Skardåsen. Eg busha meg til topps. Sti innteikna var mykje attgrodd, og lettare var det å sikte på glenner, og følgje hjorte-sti. Nytta også hogst-felt. Frå toppen såg ein nesten ingenting, anna enn bar-tre.

Karta