Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (336)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Gilafjellet
- Dato:
- 09.10.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,7km
Det var meldt skya ver, men ein god varm haustdag i stølsområdet ved Syndin i Valdres. Då freista det på nytt å trille over Filefjell etter det vellukka besøket til Grindane med fleire sist helg. Denne gongen greidde eg å riste Marita laus frå systova, slik at eg hadde turfylgje. Samt ein freistnad på å syne henne noko av Valdresnaturen. Vi køyrde opp ved Ryfoss, og fann greitt fram til parkeringa mellom Nørdre og Midtre Syndin. Fin og tydeleg sti opp flanken mot fjellet. Fleire på tur oppover. For ein sogning er stigninga her veldig moderat. Lett å gå. Ein liten kneik frå sti-delet og opp, der eit skilt viste Kruk til venstre. Siste 700 meter mot toppen i grei ur. Etter skifte av kle, fann vi ut at vi skulle ta med ein liten topp til, Tangefjellet, før vi returnerte til Kruk. >>>
Smådalsfjellet
- Dato:
- 02.10.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 5,7km
Det blei rett på ny tur, etter at eg var tilbake frå Grindane. Greitt når ein kan ta ein ny tur frå same utganspunkt som bilen er parkert. Berre å snu seg 180 grader frå førre tur, og gå i motsett retning. Og denne ruta, denne topografien, var rake motsetnad av førre. Fleire runde koller, metta med lyng, runde fine former, og ikkje berg og fjell. Men berg og fjell elles er det rundt ein på alle kantar. Min fyrste tur oppe i dette område. Har sjølvsagt sikla på desse fjella lenge. Når ein kjem køyrande austafrå og ser fjella over Vang, særleg Bergsfjellet og Grindane, ja då kan ein nesten bli relegiøs. Men dei store mektige fjella oppi terrengen over Vang, har også snille flotte runde dalføre, og det er mektig natur på alle måtar. Og så lett tilgjengeleg med bomvegane >>>
Grindane
- Dato:
- 02.10.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 9,5km
Endeleg var det klart for tur til Grindane. Har vore på lista lenge. Men det er så mange fjell som skal opplevast. Men berre køyreturen opp frå Vang og innover her var mektig. Store vidder mellom dei svære blokkene av nokon fjell-kolossar, som er strødd rundt om. Det er alltid kjekt å komme til nye fjell, og utforske nye område. Sidan eg har fått litt gratis på Vang-lista, då eg er frå Lærdal, og vi har ein del grensefjell, så må det plukkast fleire. Turen var nydeleg. Fin oppvarming å gå kjapt innover flatene til fjellfoten. Fin sti opp til skaret, og mindre bratt en eg er vand med. Fint høgt gjerdeklyv, før ein dreia til høgre og tok tak på sjølve Grindane hovud-fjellet. Fint, og passe bratt, med gode vardar og sti. Toppen kom raskare på enn venta, 1:12 etter eg forlet >>>
Sjønosi og Grånosi
- Dato:
- 28.09.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,3km
Ettermiddagstur etter jobb. Fin sti bratt opp til stølen Glep. Det er merka sti også vidare innover fjellet, til utsiktspunktet "Sjønosi". Denne ruta innover er nydeleg å gå begge vegar. Utsikta frå varden er svært fin. Ein får utsikt til Sognefjorden, og ser innløpet til Lusterfjorden, Årdalsfjorden og Lærdalsfjorden samstundes. Det var litt kald vind i dag, så ingen omfattande fotografering. Litt mørkt også. Etter besøket på dette turmålet, sikta eg meg inn på toppen Grånosi. Ikkje meir enn 70 i pmf. men topp er topp, når ein fyrst er i nærleiken. Fin utsikt herifrå. Det var låg sol mot Bleia i dag, så den utsikta var vanskeleg å dokumentere. Fann ei fin fri-rute ned frå toppen i retning mot sporet opp. Skikkeleg god ettermiddags-trim :)
Storehaugen og utsikten.
- Dato:
- 26.09.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,7km
Motbakke-trening i nærområdet. Denne ruta nytta eg regelmessig for nokre år tilbake, og i ein 10-årsperiode førut. Då som motbakketrening, i tida eg deltok litt i mosjonsløp i motbakker og på sykkel. No blir det meir fjell- og toppturar, og i litt lægre tempo. Gikk ned til flaggstanga ved varden. Den ligg eit par hundre meter vest frå toppen av Storhaugen. Der er nydeleg utsikt ut fjorden. Og ein får fugleperspektiv på Lærdalsøyri, nesten 900 meter rett ned. I dag brukte eg 1:15 i greitt treningstempo. Manglar 15 % på kondisen. Det lyt trenast jamt i motbakke-løyper skal ein halde oppe tempoet. Det var no godt å presse seg litt, etter gamalt. Merkar framleis til fotskaden, som nok har redusert kapasiteten noko i sommar. Flotte haustfargar, og fin temperatur å trene i.
Litlehesten og den høgaste vetle
- Dato:
- 19.09.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,2km
Målet i dag var dagsturhytta Skaraly på ruta mot Kvamshesten (Storehesten). På vegen fekk vi råd om å gå ut på Litlehesten. Til Storehesten har eg vore tre gonger og Marita 10 gonger. Etter fleire turar denne helga, var ikkje topptur planlagt. Vekas mål var fem dagsturhytter, og målet nådd. Det er ein fin måte å bli kjend i Sogn og Fjordane på, og som rekognosering til turar og kulturelle opplevingar. Men det kribla, og topptur vart det. Landskapet her blir innan geologien definert som "devonisk sandsteiner og konglomerater". Det er skapt ved noko av dei mest dramatiske tektoniske prosessane i vår geologiske historie. At det er spesielt, opplever ein når ein går her blandt runde sva med myrar i mellom. Kuppert, fasinerande både på nært hald og på avstand. På >>>
Bygdefjellet
- Dato:
- 18.09.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 8,5km
Tur til Dagsturhytta i Fjaler kommune. Fint å gå oppover mot varden. Fint å sjå over mot Atløyna og Askvoll. Og lenger Aust Blægja og Kvamshesten. Fantastisk utsikt frå toppen og ut mot havet. Så litt vidare å gå ned til hytta Vidsyn. På retur opp mot Varden tok vi litt under den, kom inn på sti, og rusla nedover. Vi prata litt og kosa oss. Etter kvart fekk eg ein følelse av at heia var litt lengre enn på turen opp. Då vi såg nedover i terrenget om lag ved ein benk, forstod vi at her gikk vi IKKJE opp. Litt flaut, då eg rekna meg erfaren i fjell og terreng. Vi kom ned ved Skår på Folkestad. Men vi fekk da variasjon, og eg ein joggetur på 4 km tilbake til parkeringsplassen ved Furset. Korrigerte avstand på sporet, då appen vart starta undervegs.
Bergsheia
- Dato:
- 18.09.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 8,7km
Når ein kjem køyrande ned til Hyllestad sentrum, blir ein møtt av fjellveggen Lihesten. Alltid imponerande. Sentrum elles er intimt, pent, og med sentrale funksjonar samla. Flott kyrkje med fine murar på nedsida. Før fjellturen vandra vi i Kvernstein-parken. Nydeleg vakkert, og god kultur-formidling. Vidare gikk turen til Akse, og dagsturhytta Sørefjordhytta. Eg tok ein tur vidare til Hesjetinden og over fjellet til varden på Bergsfjellet. Flott utsikt til Lihesten og havet m.m. Store gode blåbær ut over heia. Sporet stoppa då telefonen tømde ut batteriet. Avstand er korrigert vha. Polar-klokka.
Høganos
- Dato:
- 31.08.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,9km
Topptur etter jobb. Fin opplevelse å komme seg på taket av Lærdal. Særdeles tungt opp til Berdalen i dag. Tunge bein, som kom seg innover Berdalen. Gikk turen i fjor på 48 minuttar mindre tidsbruk. Nydeleg å gå inn denne dalbotn. Utsikta frå Høganos er fortreffeleg. På ein god sommardag kan ein halde fram til Hesthovden, og gjerne over Hånosi, og nedatt på Oftedalen. Dermed er den planlagt.
Styggehøe
- Dato:
- 28.08.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 18,7km
Fantastisk turdag til storfjellet Styggehøe. Ikonet ved Spiterstulen. Dette året ausar på med godver langt utpå seinsommeren. Så då er det berre å forsyne seg. Plan var eigentleg Spiterhøe med nogot åttåt. Men Styggehøe berre freista meir i det vi kom opp fredag sein ettermiddag. Fann ein fin stad å losjere med bubilen 1,25 km før Spiterstulen. Starta på asfalt i skugge laurdag. Grei transport inn slake vide Visdalen. Etter vel tre km frå Spiterstulen, på hengebru over Visa ved eit elvegjel. Då var det å finne ein god oppgang til fjellet. Skrådde opp lia, prøvde å unngå vier. Opp før Bukkeholsbekken, som meir er for eit elveløp å rekne. Fann ei grei rute opp til Bukkeholet, og platået under fjelltoppane. Valde å halde til høgre for å komme opp ryggen mot fyrste >>>