Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Austhøi

Date:
18.08.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.4km

Map    

Oskampen

Date:
18.08.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.3km

Map    

Langsua nasjonalpark - 3 toppar

Date:
17.08.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.2km

Map    

Gråhøe

Date:
16.08.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.8km

Fint ver i anmarsj. Klargjorde difor bubilen for ein tur til fjell-heimen. Plan var inn ved det flotte vatnet Vinstre. Ein køyrer inn etter passering Bygdin, nord for Beitostølen. Fann ei grei parkering ca. 50 meter frå turskiltet. Fyrst på god sti opp langs elva. Grundig varding og raude merke heilt til toppen. Det var eit lengre flatare parti innover mot fjellfoten. Også her var det trakk mange stader, men også litt stein. Nydeleg ver på ettermiddag mot kveld. Finfin tur.

Map    

Olefjorden rundt

Date:
11.08.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
34.2km

Denne turen hadde eg sett fram til nokre år. Lang tur, og spent på om ein enda med tre eller fem fjelltoppar. No blei det tre raude nåler. Eg kan skulda på for tynn niste, at eg gløymde dei to bananene, stod opp 75 min for seint. Gløymde eg regnbyga rundt Skjeldrane, som gjorde vidare tur usikker ? Uansett, konklusjon undervegs, og då eg stabba siste kilometrane ved Olefjorden, var at denne turen var lang nok. Det var no ein veldig fin tur. Skiftande ver, utsikta til dei flotte toppane nord for Bygdin, spenninga med å finne ei god rute. Fyrste og siste del av turen var på sti. Eg måtte finne vegen om toppen "Nord for Rødningstjernet" og til Skjeldrane er det vill natur og gråstein som rår. Tok inn "Systerbotn", som var innertiar for denne ruta. Enda til trakk >>>

Map    

Rankonøse og Rankonøse Nord

Date:
02.08.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
19.6km

Fyrst det viktigaste. Sjå Gps-sporet. Ikkje vel den oppganen som eg nytta. Bruk returen både opp og ned. Opp på skrå var det brattare, ein del lausmasser og ei dårleg rute. Hald i område ved dei grøne felta (sjå bilete og retur-sporet). Frå parkeringa er de sti heilt inn til Hestbottjernet. Det er laga til ei solid bru når ein kjem ned til elva. Litt merkeleg konstruert, då det ikkje er noko å halde seg i når ein stig frå bratte trinn og opp på bru-dekket. Fekk ei regnbyge inn dalen. Skrådde opp (sjå omtale) i tanke om at de vart mindre bratt med "skrå". Oppgangen er brattare enn den ser ut til. Vel oppe er det fint stein-landskap bort til topp-punktet. Også grei stein dei 2,8 km bort til Rankonøse Nord. Ruta bort var litt for langt nord. Det er nokre få skrentar >>>

Map    

Vindedalsstølen

Date:
24.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.4km

På tur med yngste son, Sander. Sidan det vart streva litt her, så blir det ei skjeldan registrering av tur utan topp. Og i bakhovudet hadde eg Grånosi. Vindedalstølen var hovudmålet, ein bratt kort sti til støls. I god drift på grusvegen opp dalen høyrde vi fyrst, og såg så hogst og laste-maskin. I heile vestsida av nedre dalføret var barskogen snauhoggen. Vi prøvde oss opp det bratte hogstfeltet, for å prøve å finne att stien. Fann til sist eit stort tre med blått merke, men grunna felte tre, som ikkje var kappa her, så kom vi ikkje forbi. Såg heldigvis veg for hogstmaskina, som vi følgde i rett retning nedatt til skogsvegen. Den var ny, og låg høgare i terrenget. No vart det å følgje skogsvegen fyrst til hytta på Lii, og så vidare til stølen. Idyllisk her i dag med >>>

Vennisfjellet og Høgegge

Date:
22.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.5km

Ny tur til Vang, og andre besøk i den vakre Sanddalen. Her var det open dag på stølen med høve til å kjøpe tradisjonsmat og sjå på dyra. Hestar var her også. Eg følgde stien mot Thomashelleren eit stykkje, før eg tok opp Gjartrudsåne. Så vart det kortare rute til fyrste turmålet. Her var det bratt, men greit å kome opp. Følgde så eit dalføre, før eg dreia litt til høgre i steinlandskapet. Toppen var lett å nå på visuell navigering i fine været i dag. Ein liten "lurevarde" før store varden på det flate topp-punktet. Flott utsikt mot Gjende-alpane. Vidare sikta eg mot 1660, Midre Vennisfjellet Vest. Den såg litt "topp" ut i landskapet, sjølv om den var grøn. Fin egg oop, og slakt på baksida. Tok også med neste grøne, 1604 Geitskinntjernkampen, >>>

Map    

Roan

Date:
09.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:58h
Distance:
10.1km

Køyrde opp ved Foldsæ i Fyresdalen på god grusveg. Bompengar halvvegs, og stor parkeringsplass ca. 600 moh. Gikk 250 meter forbi dam-anlegg og over ny bru for 2-beinte. Det var anleggsveg oppover eit kort stykke. Straks inn i barskog på grei sti. Noko klegg-plage ei stund. Nær skoggrensa, og snart til eit kort brattare parti. Stien drog seg på nordsida av fjellveggen i mot, og lenger inn kom den opp ved eit fint sva. No openbara det seg eit botn-liknande landskap med mykje stein til høgre. Fram og noko til venstre, såg ein den store varden på toppen. Fantastisk langstrakt landskap, og fjell bakom fjell, bakom fjell. Her var det godt med luft rundt-om. I dag sette eg meg ned, år, og kosa meg på toppen ei tid. På turen nedatt gikk eg bortom to små-toppar, før vidare nedatt på stien >>>

Map    

Austre Roholtsfjellet - Vrådal

Date:
08.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:34h
Distance:
13.7km

Fin tur. Men treng ei forklaring. Sporet stoppa, så ny start av appen, men data er korrigert etter Polar M. Det siste korte partiet opp til Austre Roholtfjell var det bratt klyving nokre få plassar. Andre kjettingparti var litt vanskeleg på returen. Flott varde på toppen. Prøvde meg så vidare til hovudmålet Vestre. Gikk fint ei stund. Vinden hadde no teke meir tak på egga, og det var meldt kastevind opp til 14 i dag. Egga vart smalare. Prøvde 10 meter ned på sva i flanken, men følte det usikkert, grunna bratt sva. Utan vind hadde dette truleg vore grei skuring. Skal ha litt marginar når ein går aleine. Må prøve til att. Men sjølve turen frå brei graskledd skogsveg med flott furu, til dei fantastiske blank-skura svaa, var ei fin naturoppleving.

Map