Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (369)
-
Skitour (115)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (72)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Javnberget
- Datum:
- 18.06.2024
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 5,1km
Feriestart. Skal vere i Porsgrunn til fredag. Då kan ein plukke nokre Valdres-toppar på veg, var tanken. Slik blir det. Byrja med Javnberget. Grei sti, men blautt i dag etter noko bygever. Svært flott utsikt frå toppen. Mot Jotunheimens mektige toppar, og Skaget m.m. Gikk opp til Storebergtinden på retur. Køyre vidare til Robølstølen.
Hovden
- Datum:
- 18.05.2024
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 2,8km
Lett tur på godt merka sti. Godt tak i vinden på toppen, men varmt i vèret i dag. Ein benk var sett ut oppå flata ved toppen, retta mot Alden Nydeleg utsikt rundtomkring. Mot Alden, og hakket i Kinnaklova vist godt herifrå. Flott også inn austover. Nedatt møtte eg to karar, ein med ei jente på skuldra. "Har du vore på tur" spurte ho tilitsfult. "Ja, fin tur, svara eg smilande". Då eg var tilbake til parkeringsplasen, kom det tre bilar til. Ikkje uventa er nok dette eit mykje nytta turmål på øya.
Klantenovi 12
- Datum:
- 23.12.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,1km
Vakkert i snøpynta skog. Strevsamt å gå i djupsnø. Truger hadde passa betre til turen i dag. God trim, og fin opplevelse.
Dyrehovden
- Datum:
- 04.11.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 2,6km
Parkering ved skilta rute. Du må vete kor avkøyring er. Den var nesten usynlig. Ruta gikk på traktorveg, til den gikk over i sti. Bratt opp siste kneika. Svært fin utsikt mot Blægja med nabotoppar, og ut mot havet. Kjapp enkel tur.
Djupeviknipa
- Datum:
- 04.11.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 0:33h
- Entfernung:
- 2,5km
Lett og mykje brukt rute. Her var det på gang tiltak med omlegging, steinsetjing og grusing av stien. Gikk berre til sjølve toppen. Ruta går vidare bortetter heia. Fint turområde med flott utsikt. Men også stor "trafikk" av turgåarar. Unge, og eldre. Born på tur med besteforeldre. Nokre hadde hundar på slep, og nokre jogga.
Totten
- Datum:
- 29.09.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 7,9km
Kveldstur til Totten. Bubiltur med helga. I Lærdal var det meldt tett regnver heile helga. I området Golsfjellet og mot Vaset er det gode meldingar. Har parkert ved Storevatnet/Hestanåne, no kl. 20:30, etter litt handling på Coopen i Hemsedal. Grunna anleggsarbeid og utbygging var det ikkje lov å køyre til parkeringa for stistart til Totten. Slik sett nesten 2 km opp på grusveg fyrst. Så delvis sti og delvis traktorveg/skitrase til like under toppen.
Så på stein/sva opp til postkassa og bort til høgste punktet. Skikkeleg god trim, og ein ny raud Hemsedal-topp.
Storeberg
- Datum:
- 30.07.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 3,8km
Kom rett frå Omdalsåsen. Køyrde nokre hundee meter vidare, og parkerte midt i anleggsområdet for nye motorvegen. Søndag, og ikkje arbeid i dag. Gikk opp på gravemaskin-trasè, og inn i villskogen. Skulle vere traktorveg, men den var godt attgrodd. Opna seg då eg følgde ei kraftlinje ei kort stund, for så å leite etter sti inni skogen att. Det gikk da framover. I eit belte på 50 meter måtte eg sloss i gjennom 3-4 meter høg tekk bjørkeskog. Kom så inn på nokre flater med ope felt. Litt til høgre, og innatt på noko betre ATV-veg fyrst flatt, og så lett stigning. Sjekka app, og gikk så ganske rett opp mot turmålet. Enda på feil topp, 200 luftmeter for langt sør. Sidan det var hoggbratt i mellom, måtte eg litt i retur, og så ned i skaret. Greit topp til toppen, men tett >>>
Omdalsåsen
- Datum:
- 30.07.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,1km
Sidan sambuar Marita har familie og to barnebarn på eitt og tre år i Porsgrunn, blir det tid til toppar her i området også innimellom. Samt topp og topp. Knausar med tettvokse skog, kratt og kjerr, dei fleste. Fleire toppar er ikkje merka, stiane er ikkje rydda/vedlikehaldne. Mykje på skogsveg, og bushing, for å komme fram. Omdalsåsen, var av dei lettare i så mote. Fin traktorveg innover i skogen. Så tok eg ei rettare rute på vegen opp av nysgjerrigheit. I staden for ATV-veg. Litt bushing her, men ruta og retninga gav seg sjølv. Straks topp. Måtte leige etter ei glenne for å ta ein bildete. Retur på ATV-vegen som byjra 200 meter nedanfor toppen. Så småjogging ned til bilen. Parkerte under brua, då innkøringa kun er for fastbuande og gardsbarnehagen.
