Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Klantenovi 8/25

Dato:
03.05.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,4km

Kveldstur med Sander. Kun 7 grader, men fin tur. Mot klokka frå kyrkjene i dag.

Kart    

Klantenovi 7/25

Dato:
30.04.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,7km

Trimtur med yngste son Sander, og besøk på grava til mine besteforeldre Maia og Hallvard Borlaug. Stavkyrkja er vakker som alltid.

Kart    

Amlaholten 6/25

Dato:
19.04.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
3,6km

Prøvde på kortaste rute, men kom litt bort frå svak sti i oppstarten. Blei difor litt skogsveg i dag og.

Kart    

Amlaholten 5/25

Dato:
16.04.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
3,5km

Ny kortare rute i dag �.

Kart    

Klantenovi 6/25

Dato:
13.04.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
3,4km

Runde frå kyrkjene denne gongen.

Kart    

Klantenovi 5/25

Dato:
29.03.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,1km

I dag blei det ein føremiddagstur :)

Kart    

Indrevågefjellet

Dato:
22.03.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,4km

Var litt spent på denne. Det såg bratt ut. Såg eit drag, og litt oppe i sida var det ein stein med raudt merke. Derifrå sti, og det var det for det meste, til ein kom opp på fjellet. Måtte følgje litt med, og nokre vardar var til hjelp i det brattaste partiet. Før ein kom dit, var det ein flatare parti med gras. Her tenkte eg å halde fram på skrå oppover. Så sjekka eg på høgdekvotar. Då vart det tydeleg, at herifrå skulle eg ganske rett opp. Etter litt såg eg to raude merker under ein bratt skrent. Her måtte ein gå på eit lite hylle-galleri, og så rett opp ei ur. Merka dukka opp att, og no vart stien på nytt betre att. Så dette gikk fint det, sett bort frå at det var skikkeleg strevsamt. Då det flata ut oppå på fjellet, møtte det meg sterk motvind. Vinden måtte >>>

Kart    

Gjelsvikefjellet

Dato:
22.03.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,8km

Endeleg fint vèr. Men potensielle skiturar på Filefjell, blæs bort. Då frista det heller med barmarkstur til lægre toppar nær kysten. Knapt 3 timar køyretur, og eg kunne ta avgarde frå Rindane. Fin rute innover på vekslande sti og sva i starten. Nokre småkneikar, men ganskje jamn stigning til stølane. Så brattare opp mot topp-punktet. Fantastisk utsikt mot Blæggja-massivet og fleire "Niper". På toppen blæs det kraftig. Nokre få bilder, og rett på retur. Greitt nedatt, heilt til siste få hundre meter. Glei og slo alboge og vreid handleddet då eg tok meg for. Handleddet fekk seg nok ei forstuing, medan albogen gikk det betre med. Men eg skal ein tur til i dag. Det må gå. Godt at det ikkje var foten.

Kart    

Amlaholten

Dato:
20.03.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,9km

Ettermiddagstur med Sander, etter eit lite ærend på Elkjøp.

Kart    

Klantenovi 3/25

Dato:
09.03.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Tur på sein ettermiddag med hovudlykt.

Kart