Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Indrevågefjellet

Dato:
22.03.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,4km

Var litt spent på denne. Det såg bratt ut. Såg eit drag, og litt oppe i sida var det ein stein med raudt merke. Derifrå sti, og det var det for det meste, til ein kom opp på fjellet. Måtte følgje litt med, og nokre vardar var til hjelp i det brattaste partiet. Før ein kom dit, var det ein flatare parti med gras. Her tenkte eg å halde fram på skrå oppover. Så sjekka eg på høgdekvotar. Då vart det tydeleg, at herifrå skulle eg ganske rett opp. Etter litt såg eg to raude merker under ein bratt skrent. Her måtte ein gå på eit lite hylle-galleri, og så rett opp ei ur. Merka dukka opp att, og no vart stien på nytt betre att. Så dette gikk fint det, sett bort frå at det var skikkeleg strevsamt. Då det flata ut oppå på fjellet, møtte det meg sterk motvind. Vinden måtte >>>

Kart    

Gjelsvikefjellet

Dato:
22.03.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,8km

Endeleg fint vèr. Men potensielle skiturar på Filefjell, blæs bort. Då frista det heller med barmarkstur til lægre toppar nær kysten. Knapt 3 timar køyretur, og eg kunne ta avgarde frå Rindane. Fin rute innover på vekslande sti og sva i starten. Nokre småkneikar, men ganskje jamn stigning til stølane. Så brattare opp mot topp-punktet. Fantastisk utsikt mot Blæggja-massivet og fleire "Niper". På toppen blæs det kraftig. Nokre få bilder, og rett på retur. Greitt nedatt, heilt til siste få hundre meter. Glei og slo alboge og vreid handleddet då eg tok meg for. Handleddet fekk seg nok ei forstuing, medan albogen gikk det betre med. Men eg skal ein tur til i dag. Det må gå. Godt at det ikkje var foten.

Kart    

Amlaholten

Dato:
20.03.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,9km

Ettermiddagstur med Sander, etter eit lite ærend på Elkjøp.

Kart    

Klantenovi 3/25

Dato:
09.03.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Tur på sein ettermiddag med hovudlykt.

Kart    

Amlaholten

Dato:
08.03.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,7km

Trimtur til toppunkt i samband med ærend i Sogndal. Fin rundtur dette. Må putle med slike småtoppar i låglandet, når snøen har smelta på fjellet. I dag litt mindre beint på holten, ca 150 meter lenger på tur opp. Så ein liten snarveg som kutta siste vende-svingen på turen nedatt.

Kart    

Amlaholten

Dato:
02.03.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,9km

Fint alternativ til skitur når det er uroleg ver, og ein helst vil ha med eit topp-punkt.

Kart    

Klantenovi 2/25

Dato:
01.03.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
2,9km

Ny rute til Klantenovi, for min del. Variasjon kan vere greitt. Men denne ruta er ca. 1 km kortare, og med knapt 100 færre høgdemeter. Trur nok det framleis blir mest frå Rimskiold og Husum-sida. Rund-turen via Sverrestien og Vindhellavegen som eg pleier å gå, likar eg nok best.

Kart    

Amlaholten

Dato:
23.02.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,9km

Tur med Sander i dag. Godt og mildt, og snø og is har smelta.

Kart    

Ålfjell

Dato:
09.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,1km

Noko usikker på ruteval her. Men tips og zooming på Norgeskart og Peakbook, leda meg på rett veg. Kjekkare å gå i terreng enn å traske på veg i hyttefelt. Ålfjell er utbygd, eller rettare sagt nedbygd. På veg oppover var det eit stikryssa i skogen med merka begge veger. Gikk ei rute opp, og ei anna ned. I ruta opp var det litt trefall, og ein kom ut av skogen øvst i hyttefeltet. Måtte då noko innatt på veg. Ruta nedatt var svært på god sti. Møtte då sambygdingar for andre gong i dag. I skumringa. Artig. Flott utsikt på toppen. No også litt solnedgang-stemning. Alltid vakkert. Nede att ved bilen kl 16:45. Nesten heilt mørkt, men hovudlykta blei i sekken. Godt nøgd med dagen. Tre turar, og tre raude nåler. Berre 130 km køyring tilbake til Lærdal. Med Polestar, godt lydanlegg >>>

Kart    

Synet

Dato:
09.11.2024
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,8km

Ja, det gikk fint å køyre over stølsvidda frå Rennefjellet, og til Vaset. Navigasjon sitt hovudval, var vestover og nedatt i dalen, men lyseblå rute viste veg langs vatnet Søre Syndin. Å køyre her var også ei oppleving. Men berre når du «må». Mykje hytter, og folk med born og engelsk setter langs vegen. Frå Vaset på ny veg mot Gomobu, kr 50. Heile 15 km å køyre til der eg parkerte, 2,5 km frå turmålet. Om ein har kun ein tur/topp på plan, så tilrådast ei lenger tur-rute, t.d. ei eg køyrde forbi, skilta ca. 6 km til målet. Gikk litt utanom og plukka med nokre grøne nåler. Gikk meg på jæger med hagle og hund. Trakk litt unda, men han sa hei, som meg. Gikk meg også på sambygdinger på toppen. Kjekt. Stor utsikt frå denne toppen. Kontrastar med sikt til stortoppar >>>

Kart