Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (113)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (70)
-
Trip by foot (364)
- Alpine trip (19)
- Hike (57)
- Hillwalk (221)
- Jogging (40)
Favourite peaks
Midtre og store Rauddalseggje
- Date:
- 23.07.2021
- Characteristic:
- Alpine trip
- Duration:
- 12:30h
- Distance:
- 28.5km
Fantastisk opplevelse. Gikk frå Gjendebu kl 9:30 med for oss tunge sekkar. Opp vakre Storådalen, og sette opp teltet ved Hellertjønne. Gps-sporet viste 14,4 km og 9:30 timar brutto t/r til Midtre og Store Rauddaldeggje frå teltet ved Hellertjørnet. Vi tok oss tid til å ta bilder og til nokre småpausar. Tidsbruk og høgdemeter er i oversikta oppdatert med ruta frå Gjendebu der vi starta. Straks vidare mot Midtre Raudalseggje. Fint innover etter å ha vassa elva, og blitt skikkeleg skoblaut. Men kva gjer det i varmt sommarver. Seingått ved Skardalsvatnet, med morener og litt laust frå fjellfoten. Vi holdt ruta tett inntil brea, då det var eit råd eg meg hadde lese. Etterpå såg vi at innteikna "Helgesen-rute" gikk litt meir på skrå mot Store, for så å dreie tilbake. >>>
Kråkebergnosi
- Date:
- 03.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 13.8km
I samlinga på dei 66 Lærdalstoppane over 100m pmf. stod det att ein på Nordsida av dalføre. Den har stått lenge. I dag vart det topping med Stølstrim-post på Fosse i Kvamsdalen som bonus. Gikk frå austsida av elva ved nedre Kvamme. Fin rydding av sti, som er godt tilgrodde med vill-bringebær og brennesle for tida. Beheld likevel zippet på heilt til eg kom over tregrensa. Var heitt i dag. Viste 28 då eg køyrde nedatt dalen. Er kanskje den heiteste stølstrimmen eg har gått. Flugene følgde godt på. Heilt svart rundt meg. Men eg hadde spraya meg, og dei surra mest rundt hovudet. Plaga meg mindre enn heten. Den var ekstrem i dag. Men når eg kom opp i 1100 - 1200 meter, og med litt vind, så var det heil supert. Fann trakk frå stølen Fosse, og følgde dei til over 1350, der berg, >>>
Nordnosi
- Date:
- 22.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 19.2km
Fekk tanke om topptur etter jobb. Med ein time avspassering la eg i veg frå Ofta, 2,3 km heimafrå. Stølsveg mot Oftedalen, og Liastølen. Tok over på sti mot Visete, og like under på nasekurs mot Nordnosi. Moro å lese terreng, og finne god rute i bratta. Når det flatar ut, er det lettgått steinterreng innover fjellet. Går mot stor varde (som ikkje er høgast), og vidare til høgaste punkt, ein god km lenger aust. Nydeleg utsikt opp grønnkledde dalar mot sør. Her oppe er ein på «taket», og har vidt utsyn. Vidare rute gikk mot Torsfjellet. Likar å finne anna rute heim, for variasjon sin del. Store varder her også, og lett å orientere seg visuelt. Så blir det ned rygg, og over fleir små knausar med varde, før ein når den ultimate utsikta. Torsgjelfjellet. Ser Lærdal, langt >>>
Horgehorna
- Date:
- 05.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 12.2km
Fint varmt ver, overskya, med snev av sol. Sidan skisesongen er på hell, og dei fleste raude toppar i Lærdal er frå 1300 meter og opp, passa det med ein sydvendt topp i dag. Snø vart i motsetning til sist helg, ikkje noko problem. Det hadde smelta godt, og dei få fænnene som var, kunne unngåast. Ruta byrja ved del av den legendariske Kongevegen i Lærdal. Eg gikk frå aust på Vindhellavegen, opp til skaret. Derifrå er det merket til Åsen, og vidare heilt til vatningsveiter opp mot 1200 moh. Øygardsbotnen er eit vakkert område. Derifrå er det å finne ei god rute til toppen. Nydeleg tur, og god utsikt. Returen la eg om dei to Liastølane, Øvre og Nedre, og kom att ved Li overfor bru til Lo (Borgund kraftverk). Nokre hundre meter å gå langs asfaltveg tilbake til start-punktet.
Hodndal /Jutlamann - Ofta/Lærdal
- Date:
- 29.05.2021
- Distance:
- 15.9km
Plan var topptur, men usikkerheita låg der. Stikkord: Snø, og fottur høgt til fjells. På vegen vart det plukka nokre DNT SjekkUt-mål, på Lærdal si liste. Den tel f.t. heile 81 turar. Så litt plaster på såret i tilfelle null topping. Det var ei lita von om at det var nokon tå-rabbar, slik at eg kunne komme meg opp på Nordnosi, og gå fjellet ut til Torsstein, og ruta nedatt til Lærdal sjukehus derifrå. Ved selet i Hodndalen var det grei skuring at elva var for stri til komme over på andre sida. Så eg rusla vidare innover i eit lite håp om å kunne gå over fjellet i staden for retur. For det er ein fin tur. Det viste seg å bli ganske strabasiøst, med svært mange rotne snøfelt å passere, og nokre småskumle snøbruer over elvar. Men......opplevde å ha kontroll på dette. >>>
Hovden på Ervika
- Date:
- 24.05.2021
- Distance:
- 2.9km
Denne turen er kort, men har mykje å by på. Rikhaldig krigshistorie med mange installasjonar, som m.a. Kanonstillingar. Tunnell gjennom fjellet for effektiv krigsdrift. Mange russiske krigsfangar mista livet her.
Vestkapp
- Date:
- 23.05.2021
- Distance:
- 0.7km
På grensa til juks å klokke inn ein raud topp etter biltur nesten heilt fram. Men med tanke på bruk av Bubil på 2,35 i breidde opp vegen der, så for vi sei godkjendt. Nydeleg utsikt på ein godversdag. Kysten er magisk for ei landkrabbe frå inst i Sognefjorden.
Traneberget og Heida
- Date:
- 23.05.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 6.3km
Etter nydeleg solnedgang og overnatting på Refviksanden, utforska vi meir av øya. Plan var å køyre ned til Kråkenes fyr, men vi snudde ved rasteplass på nedstigninga, tett ved Vindturbinane, Medhuken. Nydeleg utsikt, sett bort frå ... Vindturbiner passar ikkje i dette vakre landskapet. På retur stoppa vi Bubilen, og eg fekk lufte meg på to toppar, medan Marita prioriterte foto, soling og strikking. Kjempekjekk "pausetur" bort til Heida, toppen med den store Radaren på. Denne kula er lettare å akseptere i naturen. Den gjer ein viktig jobb for sjøfarande, og står heilt i ro. Utsikta frå Bogehornet og ned til Refviksanden var finfin.
Naustdalskammen
- Date:
- 22.05.2021
- Distance:
- 7.3km
Topptur i Nordfjord som bonus på helgetur. Primærmålet i pinsa var å plukke nokre dagsturhytter, på crusing ut over vakre Sogn og Fjordane i retning Havet. Så vakre stader, og så fint helgever. Fyrste natt ved Kjøsnesfjorden, og vakre Jølster. Skal seie dei har lagt Dagsturhytta fint til der. Så Sandane, med den fortryllande Trivselskogen. Utover Nordfjord fann vi denne fantastiske utsiktstoppen.
Så bar det mot kysten og Måløy, før alt blei toppa med solnedgang på Refvikstranda.
Viafjellet
- Date:
- 17.05.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:26h
- Distance:
- 6.6km
Spontan topptur i samband med ein fin road-tripp frå Lærdal via Gaularfjellet til Førde. Plan var Dagsturhytta, som roleg luftetur på 17. mai. Men fekk teften av ei raud nål. Sporet frå Viafjellvarden til topps og nedatt. Lengd på turen er korrigert opp. Fin utsikt til Storehesten, til Førde by, og til jordbrukslanda rundt om i dalane. Heiar på den norske bonden.
