Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (337)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (209)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Årdalsåsen og tårnet
- Date:
- 11.12.2022
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 15.7km
By og skogstur i Porsgrunn. Frå byggefeltet Stridskleiv, og raskaste veg til stistart, 4,75 km. Så bar det inn på merka tursti. Nokre is-kjøver innimellom, men kunne unngåast. Snøkjetting i sekken. Tok med ein liten grøn opp på retur. Nesten tilbake til utgangspunktet, tok eg ein runde, og gikk oppom vanntårnet. Då blei det to raude og ein grøn i fint desemberlys. Ca minus 10 i dag.
Vedabakknosi
- Date:
- 04.12.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:45h
- Distance:
- 8.9km
Vurderte 100 pmf. topp i rimeleg køyretid frå Lærdal. Og ikke før høgt, sidan snøen har trekt lenger nedover. Enno er det ikkje skiføre til toppturar i område vårt. Køyrde til Årdal, opp Seimsdalen, og parkerte på opparbeida plass under toppen Horgi. Rundt om her er fleire merka turstiar. Horgi rundt, Bøttejuv, med fleire. Eg skulle gå stien skilta mot Slettedalen. Måtte følge godt med for å halde stien, sidan det var 3 - 7 cm snø. Raude tre-klossar hengt opp i trea, viste veg oppover. Måtte vera litt varsam, då det var ein del kjøver. Hadde snø-kjetting, og dei nytta eg på returen. Fekk sol då eg kom ut av skogen, vel 900 moh. Nokre skuggeparti, og mest på retur. Burde ha starta ein time tidlegare, for heilt optimale forhold på denne ruta. Det er få timar med sol >>>
Blåskavlahovden
- Date:
- 26.11.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.4km
Hadde planlagt nokre nye toppar i Aurland kommune dette året. Men ein skitur til Blåskavlen, som gjengangar, var den einaste fram til i dag. Køyrde til parkeringa i svingen under garden Vikesland. Her er det oversikt-tavle, og omtale av fleire turar i området. Stølen Hovdunga er nok mest bestøkt. Men om ein held fram oppover fjellryggen er både Hovdungavarden og Blåskavlavarden etablerte turmål i Aurland. Følde ruta mot Hovudunga, men vart freista av ein snarveg opp skogen ganske tidleg. Denne manøveren tok eg oppatt litt før Hovdunga, for å få ein kortare veg til turmålet. Veldig fint terreng oppover. Litt snø frå ca. 1100 moh. Passerte under Hovdunga-varden, som skulle få besøk på returen. Noko meir snø etterkvart, men aldri meir enn om lag 8 - 10 cm i dag. Noko avblæse >>>
Fagerset -Vetanosi
- Date:
- 20.11.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 10.7km
Litt sein turstart i dag. Plan var minimum Fagerset. Traff kjende frå turlaget like over Olavskjelda. Dei hadde vore på Fagerset. Dei meldte om kraftig vind, og var ikkje freista av lenger tur. Då eg nådde Fagerset etter 1:38, og sjekka ut, var det kun litt trekk. Heldt difor fram vidare, med mål om Vetanosi. Nådde etter litt att ei tur-kvinne i same ærend. Tilbaud henne å følgje med, og slik kunne ho få oppleve den bratte ruta nedatt, og få rund-tur. Helene takka ja, og ga uttrykk for at ho likte ruta og utsikta. Det gikk i turprat resten av turen. Fint raudt lys på himmelen i det det mørkna. Måtte vere litt varsam i dei bratte partia, då eg ikkje hadde valt dei beste skoa til føret i lyng-partia.
Raudberg og Storeskardnøse
- Date:
- 13.11.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.4km
Var i Hemsedal i går, og det gav meirsmak. Det vart tur over fjellet i dag også. Litt kortare køyring, 64 km ein veg frå Lærdal til parkeringa ved Ershovdstølane. Eg tok ikkje sjanse på å køyre over på støls-sida, sidan det var hengelåsar ved bommen. Den var open, men eg kjenner ikkje rutinane. Veldig fin sti oppover mot Raudberg. Det viste seg at her var det DNT-merka sti til toppen av Raudberg. Dette gjorde valet lettare. Plan var å ta ei rute frå litt lenger aust. Men det hadde vorte om lag ein km meir å gå på grusveg. Veldig flott terreng heile vegen på turen i dag. Nydeleg slette-landskap oppå fjellete, og lite vier. Her har det nok vore mykje beiting over tid. Var oppe på toppen etter 1:07 min. frå parkeringa. Så var det å sikte mot Storeskardnøse. Fann ei veldig >>>
Systerskardfjellet og Hamarskardtoppen
- Date:
- 12.11.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.0km
Dagens tur nr. to. Parkerte på stor parkeringsplass merka Røgjin. Fyrst eit kort stykkje på grusveg, før eg tok venstre der merka sti gikk vidare til Buaklanten. Prøvde å finne ei rute med jamn fin stigning, og mykje av ruta var på umerka sti. Greitt å gå her. Nådde toppen etter litt over ein time. Fin utsikt. Topp-nåla stod litt for langt nord (på trignometrisk punkt). Gikk vidare til øst-toppen, og så bratt ned i skard, før ruta opp til dagens siste topp, Hamarskardtoppen. Herifrå var toppane Totten og Storehorn svært makrerte og flotte. Fin utsikt i alle retningar, og kveldslyset gjorde seg gjeldande. Fiint. Då var det berre å finne ei rett rute nedatt til bilen. Litt lyng-baksing, men ikkje av verste sort.
Hestebottfjellet og Nosi
- Date:
- 12.11.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.0km
Det var meldt halvskya fint ver i aust. Mildværet som har vore, har smelta snøen heilt opp mot 1500 moh. Då vart det råd med enno ein fjelltur, til fots i Hemsedal. Hadde nok førebudd meg på at neste tur vart på ski. Men det for komme seinare. Litt etter at eg byrja å gå, såg eg at det var mogeleg å køyre bil over til andre sida av vatnet. Hadde spart vel 20 min., hadde eg køyrt over. No er da turgåinga ein del av konseptet her :) Fint å gå til dette fjellet. Litt blaut innimellom, etter regn denne veka. Flott utsikt mot det oppdemma vatnet Flævatn. Fint mot Storebottskarvet, og Reineskarvet. Desse to hadde framleis godt med snø på seg. På returen gikk eg oppom Nosi, ein liten haug med grøn nål. Svært flott demning, som såg relativt ny-rehabilitert ut.
Klantenovi 11
- Date:
- 05.11.2022
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 4.0km
November-turen til Klantenovi, i årets månads-prosjekt. Av det lette slaget, må leggast til. Men… topp er topp. No er det verkeleg haust, med mørkebrune løv på stien som hovud-ingrediens.
Fuglehaugnøse
- Date:
- 29.10.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 7.4km
Tur nr. tre i dag. Dette vart den lengste i dag, den brattaste, og mest vindfulle. Starta ved parkeringa, der ein trasee av Kongevegen byrja. Traktorveg opp til stølen Fuglehaugen. Var litt i tvil om eg skulle følgje stipla sti, eller gå rett på. Såg litt på kvotane, og bestemte meg for å gå ganske rett opp, men unngå berga. Det var bratt og strevsamt å gå slik utan sti, men også ganske greitt. Det var ikkje så alt for mange høgtemeter. Siste halve km når det flata ut, var det særdeles kraftig vind. Egentleg berre moro, når ein er godt kledd. Sjangla bort mot topp-punktet. Fekk sikra vottane under ein stor stein, og tok bilder og ein video. Svært fin utsikt herifrå. Så sikta eg meg rett på Galdenøse, grøn topp, før eg returnerte i område der det skulle vere sti. Det >>>
Hallenuten
- Date:
- 29.10.2022
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 1.8km
Topp nr. to i dag, var av det lette slaget. Bompeng kr 50 på kort tilførselveg rundt toppen. Merka sti, og lett opp. Svært god utsikt ned til gardane nedanfor i retning mot Tuv.