Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Klantenovi 14/25

Dato:
31.10.2025
Distanse:
4,2km

Gikk litt utanom stien oppå Klantenovi i dag, for å gjere meg meir kjend. Området er herja av mange ti-tals rotvelte, og knekte tre etter stormen for nokre veker sia. Må prøve Annastien neste gong, og trekke ut, slik at eg kan sjå ned på svingane på Vindhellavegen. Skimta dei så vidt i dag.

Kart    

Lusaskard

Dato:
25.10.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
9,2km

Køyrde inn Njøsadalen, ein smal, og innimellom bratt veg. Parkerte på planert plass ved vegskilet. Gikk over brua og vidare på veg fram til stølen Skagasete. Fin støl. Skilta mot m.a. Lusaskar. God sti i starten, og nokre eldre raude merke viste veg. I ein liten botn var det to stiar, så her måtte ein følgje med. Eit lite raudt merke viste at her skulle eg dreia mot venstre, for å komme meir opp på rygg. Fint å gå innover, og etter kvart opna utsikta seg med mykje å sjå rundt om det heile. Dalar, toppar, myrområde, Sognefjorden, sol og regnbyger. Skiftande lys. Frå toppen var det spesielt fint ut fjorden, og mot Skriki. Retur same veg. Oppe på fjellet er det på lag sti, men over myrområda er det ikkje sti. God hjelp av appen for å unngå haugar, og dei største myrane. >>>

Kart    

Liahovda

Dato:
09.10.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,8km

Restitusjonstur etter i går. Kjapp skogstur, fyrst på traktorveg. Sikta så inn i terreng der det var ope, og dreia så i retning mot toppen. Fin utsikt �. Valde sti nedatt. Lett å følgje til å byrje med, men, lenger rute nedatt. Greitt med variasjon.

Kart    

Keisaren

Dato:
08.10.2025
Turtype:
Løpetur
Distanse:
6,1km

Gråhø vart ikkje med i tur-runden som planlagt i dag. Det grunna ver-tilhøva. Men det vart ein tur nr to, til trøst. Veldig fin og lett tur, no med sol på det meste av turen. Flott utsikt.

Kart    

Toppar ved Vinstre

Dato:
08.10.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
17,4km

Haustferie, og toppturar i Øystre Slidre. Plan var 4 raude nåler på ein tur. I dag måtte Gråhøe gå ut grunna ver-tilhøva. Greitt fyrste timen, men så vart det to timar med snøbyger og vind. Fint å gå DNT-stien opp til mellom Gluptind-toppane. Bratt og litt sleipt opp til Søre Gluptiden. Rask retur, og eg valde snillare rute ned att i skaret før toppstøyt mot Nørdre Gluptinden. No vart det meir surt ver. Nedatt frå Nørdre Gluptinden var det uråd å orientere seg i bratta i starten. Så difor valde eg å runde i mindre bratt terreng. Lettare opp mot Store Nuten. Så vurderte eg litt ruta vidare. Det var vått med snø og sleipt. Difor vart det litt tilbake, før eg kom meg nedatt i dalen. Fint å gå etappa under toppen, og til tangering av DNT-stien på retur. No letta veret, >>>

Kart