Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Klantenovi 3/22

Date:
27.03.2022
Distance:
4.1km

Isføre i dag. Snowline kjettingar er solide greier å ha rundt skosålen. Hadde ikkje komme trygt rundt utan liknande hjelpemidler i dag. God trim, og Vindhella-svingene til dessert.

Map    

Salen-toppar

Date:
19.03.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
10.6km

Det var meldt lettare ver utpå dagen. Det freista med skitur, og slik blei det. Mildt ca. 3 pluss ved start 900 moh. God snø opp skogsområdet mot Synshaug. Vidare noko hardare, og til og med parti med blå-is innimellom. Fint å gå og betre snø innover, når eg var oppe nær 1400 moh. Lettkuppert bortover og over Kjerringtjørn. Fin utsikt mot Nedre Salen, absolutt ein fjelltopp. Fyrste bestigning dit. Tok av feller, og fekk ca. 600 lengde-meter renn nedatt på vatnet. Så bar det opp mot Øvre Salen. Denne toppen har få besøk, sidan den ligg bak rando-toppen nordaust for Øvre Salen. Feller av igjen i renn ned mot foten av siste topp. Rett opp her, og litt over. Så feller av, og berre kos og morro heilt nedatt. Mykje god snø i flanken under toppen, og i skogenes mot Nedre Smeddalsvatnet.

Map    

Berdalseken

Date:
12.03.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
17.8km

Skitur med Lærdal turlag. Vi var 7 glade personar på tur i dag. Fleire avstod nok grunna meldingane om vind. Men vinden var fråverande på 80 % av turen. Nydeleg nede i dalane, men oppå sjølve ryggen bortover mot toppunktet var det sterk vind. Særleg siste par hundre meter, og rundt varden på toppen, var det kraftige vindkast. Sidan det var hardpakka snø, vart det ikkje noko snødrev. Ikkje det beste føre heller, men hard snø fungera greitt det. Svært avblæse på nokre stader. Særleg i partiet før skaret der ein kjem inn på flata under breen. Fleire steinar å sjå enn på tidlegare turar her oppe. Men ingen problem å komme fram. Måtte vere litt på vakt for isete parti. Eit par frå Hemsedal var med oss i dag. Trivelege folk. Svært kjekt at nye folk blir med oss på turane >>>

Map    

Suletinden frå Maristova

Date:
03.03.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:15h
Distance:
10.7km

Spontan topptur med halv dag avspassering på jobb. Fekk med Anders og Yngve. Køyrde heilt øvst i hyttefeltet på Gramstølen. Anders hadde gått i førevegen frå utkøyrsla framom Maristova, og fekk slik sett ein vesentleg lengre tur. Nydeleg sol, og det er lenge sidan. Mjuk fin snø fyrste 20 min, men vidare oppover mykje hard skare. Greitt å gå på det, med feller. Fantastisk å labbe oppover, og sjå det vanvittige fjellpanorama som opna seg. Lite dokumentasjon av hærlegheita, då batteri gikk raskt ned i dag, og på toppen vart det stopp for telefon. Fekk sporlogg av Polar-klokka, noko som var greitt. På retur kosa vi oss med rennet, sjølv om den fyrste delen hadde hardpakka snø og noko is. Litt anna rute nedatt. Anders følgde noko av returen, men ville ta rute litt som opp, >>>

Map