Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (337)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Nattjennåsen
- Datum:
- 27.05.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,0km
Etter overnatting i bubil ved sandtak nokre km etter Krøderen, var vi klar for neste etappe. Marita hadde surfa litt på PB, og spurte om eg ville gå til ein topp med bra pm-faktor ganske nær. Eg var ikkje så vond å be om tur, sjølv om det var litt tidleg for meg. Så då trilla vi i veg, og snart tok vi av ved Snarum. Det var om lag 10 km å køyre til startpunkt for turen. Det meste på grusvei, der ca. 6 km var bomveg. Kun kr 30. Kjapp tur. Følgte ATV-veg, men tok ein snarveg også. Frå stølen Høgsetra var det merka til toppen, på vekselvis ATV-veg og sti. Frå toppen var det veldig fin utsikt. Såg snøkledde Blefjell og Gaustadtoppen. På toppen var det bygd eit tårn med platting ca. 5 meter opp. Stege av tre opp dit. Det freista ikkje å prøve den for min del, sjølv om utsikta >>>
Lisbetnøbbi ved Gol
- Datum:
- 26.05.2023
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 6,0km
Ein liten pause i bubilkøyringa til austlandet. Nytta tida godt til ein kjapp tur. Fint område ved skule og idrettsanlegg. Diskgolf, sykkelløype og stiar. Golingane har høve til rekreasjon i nærområdet til sentrum.
Kvanngrødfjellet
- Datum:
- 21.05.2023
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 6,6km
Kom køyrande opp Guddalen til Byrkjosen til dagens andre tur. Fine vatn nedanfor her. Greidde å parkere bilen ut på nokre grastustar før nedkøyrsla til garden. Gikk så knapt 100 meter, og kika i grøftekanten, til eg plutseleg såg ei opning mellom to bjørketre. Eit falma blått band på eine treet. Stien gjorde seg greitt gjeldande ca. 5 meter inn i terrenget. Opp ryggen var det bratt og god sti. Den bar preg av lite bruk. Då det flata ut, dreia eg litt til høgre, og så i retning opp på fjellryggen. Kunne gjerne følgt stien rundt haugen også. Veldig fint å gå slik på lite bratte sva-parti frå haug til haug. Nokre snøfelt innimellom, som heldigvis bar tyngda. Litt stigning att til sist. Brukte ein god time ut til den staselege varden. Den var sikkert 1,5 meter i diameter. >>>
Toreheia
- Datum:
- 21.05.2023
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 9,5km
Oppsummert enda dagen med tidene 4:42 på tur og 6:36 i bil. Bilen går på billig el-drift, og det freista med tilgjengelege toppar på over 500 pmf. Sist veka var min kraftpris alt medrekna, kr 1,38 pr. kwt. Med forbruk på 63,2 kwt kosta det kr 87 på 430 km. Vasskraft frå Lærdal ! Med nøyaktig bruk av Peakbook-appen fann eg grinda og merka sti opp til heia. Følgde sti til eg hadde passert tre hytter på ulike stader. Så bar det rett opp på Høgeheia etter tre-pinnar med raude merke. Her oppe var det postkasse og sjekk-ut på Ut-appen. Følgde så ryggen vidare til Yndestadhøgeheia. Her var det framifrå utsikt til fjella, og ned til Stongfjorden. Vidare på tendens til sti rett fram til ei høgd, dreia venstre og opp til varden. Flott varde og fin utsikt. Sjekk-ut her også. Nedatt >>>
Såta nr.2 i Hemsedal
- Datum:
- 18.05.2023
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 14,5km
Hemsedal har ikkje mindre enn tre toppar med namnet Såta. Eg kallar denne nr. 2, sidan den er den mellomste i høgd over havet. Skulle egentleg slappe av i dag, men litt over kl. 12 kom det akutt ei lyst på skitur. Hadde ein par ruter klar i hovudet, og Hemsedal er snørikt i år. Eg var litt spent på om det vart for varmt for skitur i dag. Det gikk greitt, viste det seg. Hadde vurdert litt for og i mot i val av utstyr. Rando eller fjellski. Valde rando sidan eg såg for meg fin køyring ned frå toppen. Ved fare for gjennomslag, så flyt dei også betre. Det vart ein fin skitur. Tok ikkje av fellene ned frå Systerskardet. Angra på det, sidan det var lenger ned enn kva det såg ut for. Litt dette med tida med feller av/feller på. Men ein skal da ha det moro og, så feilvalg det. Eit >>>
Klantenovi
- Datum:
- 17.05.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,0km
Måtte ha ei raud nål sidan det var 17. mai i dag. Medan Marita tok ein Bakketrim på Galdane, gjorde eg runden Rimskiold-Sverrestien-Klanenovi-Klanten-Vindhellavegen-Rimskiold. Fin runde, der eg kan plukke med ein topp med pmf. over 100 meter. Fin dag, litt kaldt i lufta, men ideelt for litt trim.
Lindokk
- Datum:
- 17.05.2023
- Entfernung:
- 3,7km
Tur til SjekkUT post Lindokk i Lærdal. Ikkje topp dette, men det var greitt å logge denne ruta, sidan det er ei av få ruter i Lærdal, som eg ikkje har gått. Tidlegare har det vore Bakketrim ved Veten lenger nede, og no ved Øvre veten, som det er i år. Det er mogeleg å gå heilt opp til fjells her, men det er ikkje merka. Må få med meg ein person som er kjent ei gong. Skikkeleg bratt oppi her. Ruta gå innom nokre kløyv og over på sva-parti. So om det er blautt, så må ein vere ekstra varsam oppi her. Det er nokre mindre skilt med stadnamn som er sett opp på tre oppetter ruta. Eit par skilt ber namn etter lokale heltar. Det hadde vore moro å høyrt historia bak. Det for vi gjere litt undersøking av, ved eit passande høve. Marita var med, og ho har no alle 81 SjekkUT i Lærdal, >>>
Bleia i Lærdal
- Datum:
- 07.05.2023
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 26,7km
Triveleg tur med Lærdal turlag. Fin gjeng på 13 personar gikk denne relativt lange skituren til hærleg utsiktstopp. Her får ein skitur der mykje går i jamn fin stigning i vakkert landskap. Etter Daudmannsvatnet, litt nedatt til Bleiaskard. Så byrjar dei knapt 500 høgdemeterane opp til varden på toppen. Om lag halve gruppa pausa ved varden, medan oss andre gikk ned til kanten mot Sognefjorden, og naut den flotte utsikta. Her utpå er nokre skavlar, men vi var varsame, og hadde kyndige Jon Einemo med som kjentmann nedpå. Om lag 3 km tillegg på turen, som betalte seg. Så var det siglinga nedatt, der dei fleste hadde det kjekt, og nokre kosa seg meir enn andre. Dei fleste hadde fjellski med feller, og tre nytta rando. Som er morro ned frå toppen, men mest fjellskitur dette, samla sett. >>>
Storebottnuten
- Datum:
- 06.05.2023
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 7,4km
Ein time og 15 min å køyre med vasskraft-lada bil. Parkerte ved Holdeskar-vegen. I dag ville Marita prøve seg på ski for fyrste gong i år. Kjekt at ho blei med. Betennelse i kne har plaga henne lenge. Valde ein enkel rando-tur, med jamn stigning. Denne toppen burde eg ha samla i haust, men den rauk i eit dårleg strategisk val. Men tur er meir enn samling. Det var fint å gå roleg oppover i ikkje for bratt lende. Ruta gikk beint mot sør, og sola steika godt. Talte ei rekkje på 20 personar over oss, på veg mot Systerskardfjellet. Fleire og sjå på fjellski også i kvista løype. Enno rikeleg med snø. Så lenge det ikkje blir for varmt, er det høve for skitur nokre veker til her. Litt vind oppå topp-platået. Toppen baud på flott utsikt i alle retningar. Fasinerande å sjå dei >>>
Brossviksåta
- Datum:
- 28.04.2023
- Tourcharakter:
- Fahrradtour Gelände
- Entfernung:
- 11,1km
Etter ankomst Rutledal ferjekai, bar det vestover på veg merka Dingja. Jøss, kan det bli smalare veg ? Her ynskje ein ikkje møtende trafikk. Parkerte godt utpå ei møtelomme, 100 meter før grusvegen som går til toppen av kommunikasjons-tårna. P-merka stad på Peakbook-kartet innpå grusvegen er feilplassert, sidan det er innafor låst bom :) Optimistisk på off-road oppover. Ikkje lenge før eg måtte av sykkelen. Her er stigninga mykje 15-20 %. Greit å trille då. Lenger oppå fjellet, kunne eg sykle innimellom. Sette sykkelen under siste hårnålsvingane opp til mastene, då eg møtte djupsnø her. Noko merkeleg med vegen opp her, var plassering av mini forbud-skilt for kvar 25 m heile traseen. Godt muleg at skilta har ein anna funksjon, som å lede leia ? Forbudt for all innkøyring >>>