Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (337)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Slottsfjellet
- Dato:
- 28.07.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:57t
- Distanse:
- 1,6km
Liten tur til Slottsfjellet for kulturopplevelse. Justerte data sidan appen var på kun ved returen. Eit flott forsvarsverk med bygningar, borgmur og tårn. Fint også nedanfor borga, på veg opp. Historisk informasjon på tavler rundt om. Svært fin utsikt over byen frå toppen. Fin også å rusle rundt på topp-platået, med diverse mindre historiske objekt. Denne toppen var rekna som eit forsvarsverk som det var umogeleg å beseire. Verkeleg historisk sus over staden. Tønsberg har hisrtorisk vorte rekna som eldste byen i Norge. Har kamp med Trondheim om den tittelen i nyare tid.
Skorvetoppen
- Dato:
- 25.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 8,6km
Topptur mellom byger i Seljord. Dagen vart planlagt med lesing og avslapping i bubilen, men plutseleg såg det ut til å lette. Køyrde opp Kivledalsvegen, ein smal veg. Fyrst gjennom byggefeltet, og så innover ein skarp elve-dal. Breidare veg då vi kom lenger opp, med grus etter kvart. Over ei trebru, og til andre sia, der turen tek til. Langs nokre bratte gardar her, og til sist bratt opp på grusvegen til ein liten parkeringsplass, som var skilta. Så tok fotturen til på traktorveg 50 m, så 170 grader, og på ATV-veg. Følgde den, men tok short-cut, der det var skilta "Skorve". Kom opp til ei fin sæter, Karlstaul, med ei godt vedlikehaldt hytte. Vidare i barskog eit godt stykkje, før det flata ut med høgfjell. Straks til sti-dele nemnd "Flyvrak og Gøysen". Flyvraket >>>
Mehamarsåta
- Dato:
- 23.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,7km
Nydeleg tur frå Heia på Stord, og til høgste fjelltoppen på øya. Opp frå parkeringsplassen i tur-rute med sherpatrapper til det flater ut. Etter denne kneika stod ein varde med norsk flagg på. Sikkert eit mykje nytta turmål for mange. Heldt fram på sti rett fram, og så ei lita kneik. Veldig fint kuppert terreng innover med idylliske vatn. Grønt og frodig. Etter kvart litt nedatt ein dal i retning mot demning ved vatn. Litt før denne, byrja oppstigninga mot dagens turmål og topp. Vel komen opp på flatene på fjellet, viste seg eit heilt ny topografi, med fine avrunda svaberg, og lite vegetasjon. Fint å gå bort til toppen. Fin utsikt mot Folgefonna og havet. Forferdeleg å sjå alle vind-turbinane. Prøver å ikkje sjå på dei. Tok nokre bilder frå toppen, og så retur. Var >>>
Siggjo
- Dato:
- 23.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 4,4km
Fin tur i flotte trapper til utsiktstopp på Bømlo. Fleire skilta parkeringsplassar tilknytt turmålet. Fyrst på sti og grusveg eit stykke. Så byrja sherpa-trappene. Dei var breide, og svært vakkert lagt i terrenget. Haldinga mi til slike inngrep er to-delt. Eg er mest motstandar. Samtidig tykkjer eg at slikt kan nyttast noko, men strengt regulert. T.d. ved svært populære turmål. Estetikken i dette anlegget var flott, og trappene er ikkje synlig på avstand. Ligg fint i terrenget. Utsikta frå toppen var nydeleg. Med eit unntak. Vindparken på Fitjar. Etter tur på Austevoll, Bømlo og Stord, ser vi turbinene frå svært mange stader, både frå fjell, og frå bilveg. Dette er å ødelegge naturen. Og for sal av kraft til andre nasjonar, som ikkje tek eige ansvar. Norge som råvare-produsent >>>
Utsletteslottet
- Dato:
- 22.07.2023
- Distanse:
- 3,9km
Fin tur til dagsturhytta på Stord. Besøkte samstundes raud topp like ved. Parkerte ved idrettsanlegg ved Litlabø. Stien var svart bratt fyrste 80 høgdemeterane. Fyrst barskog, så meir i eit elvegjel. Litt enkel klyving ein stad. Opp i meir lyng og svaområde. Vi gjorde ruta som delvis rundtur. Litt vanskeleg å sjå ruta ein stad ved ein stein-knaus. Plutseleg oppe på dagsturhytta med det majestetiske namnet Utsletteslottet. Artig ord. Finaste dagsturhytta eg har sett. Omgivelsane, platninga, toppen like ved og utsikt mot hav. Litt fotografering, og klauv så opp på Utslettefjellet. Retur fyrst på rute frå anna startpunkt vest på Stord, men etter litt dreie til høgre, slik at vi kom nedatt der vi starta.
Loddo
- Dato:
- 21.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 5,8km
Roleg fin rundtur på ferietur, f.t. i Austevoll. Besøkte dagsturhytte, ein raud topp, og vidare på rundtur i tett barskog. På toppen var det bygd eit tårn på ca. 6 meter for å få utsikt. Ein såg ein del betre, men mykje tretoppane også frå tårnet. Noko utsiktsglenner også frå dagsturhytta, 300 meter nedanfor toppen. Havet såg vi.
Vetanosi
- Dato:
- 09.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 11,8km
Lang søndag med fint vér, og det freista meir med tur enn å ligge flat heime å restiturere etter i går. Kortreist tur. Fekk Marita til å køyre meg til Fodens ferjekai. Dette er ei rute som eg kjenner godt. Fint på merka sti opp frå Fodnes, via Olavskjelda, og den nydelege utsikta frå Stegen, 560 moh. Så ber det vidare i furuskog opp til krysset, 710 moh. Her er valet, Fagerset, eller Vetanosi "rett opp". Det er ein grunn til at det står slik. Det er bratt herifå og opp til ca. 1000 moh. På ein dag med 25 grader i skuggen, merkast det. Nydeleg utsikt er betalinga når ein kjem opp på fjellet. Gikk opp på toppunktet, som er relativt flatt med sjekkut-skilt ved ein stein. Toppen er ca. 50 meter forbi. Så sikta eg ned mot store varden. Kom innatt på stien litt før. >>>
Søtelifjellet ved to av dei
- Dato:
- 08.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,7km
To nye toppar i Hemsedal venta på besøk. Køyrde inn Grøndalen, bomveg kr. 60 med Vipps og grind som ein opna sjølv. Tok av mot stølen Søteli. Her var grind på brua. Såg ikkje noko forbod-skilt. Svært vakker støl Søteli. Fann greitt stien bak fyrst hytta. Fint opp i bratta. Kom ut av skogen, og ein fin foss til venstre. Då det flata ut, nitti grader til høgre, og ganske rett mot toppen. Ein time hit. Gikk fram på toppen og kika litt rundt om. Fjellet Vesle Jukleeggi synest eg er veldig fint. Så var det rett ned i retning utosen til vatnet. Greitt å gå, men nokre små-skrentar og litt ur før eg kom ned på flata. Greitt på steinar over elva, som hadde fleire småløp. Fint å gå vidare oppover her. Nordre toppen på hovedfjellet etter knapt ein time til. Bratt men greitt >>>