Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Klantenovi 5

Dato:
11.02.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
4,2km
Kart    

Klantenovi 4

Dato:
04.02.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
4,2km

Tungt i dag. 40 cm nysnø. Blæs opp på toppen, slik at retur var meir freistande enn rundtur via Vindhellavegen.

Kart    

Mollandsmarki

Dato:
28.01.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
3,8km

Trugetur frå Mollandsmarki (Resaland). Valde Bondehaug fyrst, sidan det var lengst, og med mest stigning. Landskapet var meir kuppert enn forventa. Fyrst over jordet, og her hadde det vore ein del leik med snøskuter. Etter eit par steg, forstod eg at det vart ein strevsam tur. Snøen var veldig blaut, laus og djup. Det hjalp å følgje snøskuter-spora dei fyrste få hundre meterane. Så bratt opp, og inn i skogen. Prøvde å følgje glenner med jamn stigning. Opp og fram kom vi. Det tok i overkant av ein time før vi var på toppen. På toppen var det noko utsikt, og sola kika fram. Koseleg. Nedatt gikk det sjølvsagt mykje lettare, med gode trugespor. Halvtimen nedatt til vegen. Vi bestemde oss for å ta med Storehaug og, når vi fyrst var her. Litt seint på dagen, men det skulle da halde. >>>

Kart    

Klantenovi 3

Dato:
21.01.2024
Distanse:
4,1km
Kart    

Klantenovi 2

Dato:
14.01.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
3,9km

Kart    

Klantenovi 1

Dato:
06.01.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
4,0km

Kart    

Klantenovi 12

Dato:
23.12.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,1km

Vakkert i snøpynta skog. Strevsamt å gå i djupsnø. Truger hadde passa betre til turen i dag. God trim, og fin opplevelse.

Kart    

Klantenovi

Dato:
26.11.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km
Kart    

Botnanosi ? Nei, men Åsete

Dato:
25.11.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
2,4km

Var i tvil i dag. Om tur eller ikkje. Botnanosi var målet, og snøforholda var eg usikker på. Køyrde til skihytta, og byrja optimistisk med snøkjetting. Oii, det var det såpass med snø ja ? Etter nokre hundre lengdemeter, vart det på med nye truger. Tubbs flex vrt 25. Desse har stegjern på sidene langsmed. Gikk fint oppover då det var rando-spor i stien. Fint ei stund, med ca. 20 - 30 cm snø. Etter kvart vart det slutt på skispor-hjelp, og snømengda auka kraftig på. Så eg trakka 30-50 cm ned for kvart steg ei tid, auka til 40 - 60 cm i øvste partiet. Når eg såg at snittfarten oppover hadde gått ned frå 0,9 til 0,8 km/t, vurderte eg å snu. Måtte stoppe innimellom, noko eg ikkje pleier. Gikk så over til å gå i slow-motion, og det gikk oppover. Det var no idyllisk og >>>

Kart    

Store og Vetle Haugmelen

Dato:
18.11.2023
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
16,9km

Sidan fyrste tur til Store Haugmelen i 2005, har denne lege å vaka hjå meg. Plan var då å ta med Vetle, og plan var definitivt i haust. Men tida går, og mange prosjekt surrar samstundes. Sidan 3 Peakbook-musketeer frå feil side av vass-skilet hadde slått meg i mi ieiga leikegrind, måtte denne turen takast ved fyrste høve (humor). Men ingenting så gale at det ikkje er godt for noko. Gutta frå aust hadde trakka fine spor. Sein avreise i dag, men eg beina på frå parkeringa ved Dalåker kl. 11:55. God brei grusveg dei fyrst 3,7 km, til overgang traktorveg, og sti til sist mot Vassløysa. 1:10 dit. Eg følgde stien som går rett inntil veggen bak øvste hytta aust. Etter kvart var trakka til hjelp oppover, på den måten at eg ikkje trong å leite etter stien. Etter knapt to timar stod >>>

Kart