Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Rambergåsen, Moss

Dato:
01.08.2018
Distanse:
1,2km

Etter kjekt vennebesøk i Moss og ein sjeldan runde på svenskehandel rakk vi ein kjapp kommunetopp før ferga til Horten. Vi tok parkeringa ved Ramberg gravplass vha gps og stoppa der ein ikkje kunne køyre lenger. Her var det lett rusling til toppen via nordenden av tjernet. Vi brukte bevisst ikkje sporing, men trudde masten vi såg frå parkeringsplassen var toppen. Det var den ikkje. Skiltinga var litt ufin rett før åstoppen så vi surra litt fram og attende før eg sjekka med PB-appen, den var just i nabolaget! Ingen utsikt, eit par kjappe bilete, før tur den andre vegen ned att påsørsida av tjernet. Ein augestikkar der var einaste vesen på turen, sett bort frå ei jente med crossfit t-skjorte. Så var det rett ned til Bastøferga og på veg mot den korrigerte toppen til Tjøme og >>>

Kart    

Hedmarstriangelet

Dato:
31.07.2018
Distanse:
19,5km

Frå Valdres kom vi litt seint via Spåtinn så vi bestemte oss å overnatte på Åkersætra i staden for Dnt sin flett nye Øyunghytta som hadde innebært telt og styr opp på kvelden (den var booka) og litt ekstra omveg. Det var eit sjakktrekk! Ingen var på Åkersætra, men vi foretrakk teltet i staden for hytta til overnattinga. Her opplevde vi eit sirkus av ein elgleik med kraftig rauting og baluba i 2-3timar, rett utanfor teltet. Vi frykta ein stund for besøk. Anbefalt oppleving i dei Hedmarkske skogar. Vi drog så opp til PBE – parkering ved Øyungen hyttefelt og parkerte her og vandra opp grusvegen og inn på sti. Det var unødig, her var det berre å køyre opp til hyttefeltet og mange gode parkeringsplassar her. Vi valgte triangelet via Tuva først for å få god oversikt over heile >>>

Kart    

Spåtind, Etnedal

Dato:
30.07.2018
Distanse:
12,0km

Etter flotte Utvikdagar etter flaumen i fjor satt vi kursen over Strynefjellet, til Bakeriet i Lom, over Valdresflya og til topptursamlar Bigmob med frøken. Mykje moro fjellsnakk før vi dagen etter hadde best oss for ny tur til Lenningen, men denne gangen austover i staden for vest (mot Djuptjernkampen). Vi valgte lettaste trasé frå Feplassen og lunta oppover i grei vind, men med fin temperatur. Dagens flottaste møte var med 19 hestar av alle slag, nysgjerrige, men respektkrevande. Cowboytida må ha vore malerisk… Etter gode 1,5 timar kom vi til tops, fann ly bak militærbygg og fekk oss litt mat og preika med ein danske før vi tok toppbileta og rusla ned att. Veldig tørre tjern, daude lemen, overskya, men med ein del utsikt – I det store ein grei og lett tur på gode stier for alle >>>

Kart    

Ceciliekruna, Stryn

Dato:
26.07.2018
Distanse:
8,8km
Kart    

Råna, Sykkylven (Ørsta)

Dato:
23.07.2018
Distanse:
13,7km

Planen var eigentleg Blegja i Askvoll, men med dårligare verutsikter sørover var det cirka like langt til Urke frå BC Utvik, omtrent 2 korte timar køyring utan fergje. Vi starta kl. 1100 frå Haukåssetra (50 kr i bompenger, kontant!) i superlett skydekke og på god sti. Blåbær og krekling, kyr og sau og fin trasking oppover. M hadde med stavar, men med tett sti og mykje er det lite bruk for desse på denne turen (kanskje 1 vandrestav i staden?). Små avstikkarar, men stort sett rett på sti og etterkvart sva og litt ymse 'T'-merking. Vi skjønte ikkje heilt skiltet i nede "Råna 4,0 km" kor det var skilta til (lenger til topps). Med tørke i lang tid gjekk det fint opp til skaret og vidare opp ur til Regndalstindeggen. Her vurderte eg det som litt luftig til i nord (venstre) >>>

Kart    

Zugspitze, Tyskland

Dato:
02.07.2018
Distanse:
14,9km
Kart    

Romsskåla, Leka

Dato:
17.06.2018
Distanse:
6,6km

17.06.18 Romsskåla, Leka Ny natt på Terråk Gjestegard, ba om frukost 0730 og hadde ambisjonar om både Rommskåla og Vattafjellet (Vikna) før flyet 1350 til Trondheim og Bergen. Tett, men med fin kropp og god flyt skulle det kunne gå. Estimatet var 2 timar frå Rørvik t/r Vattafjellet for å kunne rekke det. Det rauk tidleg… Litt sein avgang, måtte snakke litt om Rewenzori – fjella i Uganda med verten på gjestegarden++ og med stengt veg frå Bogen til Kolvereid (steinras, stod intet om opningsdato) måtte eg berre ha fokus på 1 topp og rekke flyet. Dog med betre tid. Så starta frå Mølnåsen P-plass som andre og var ekstra var dei krevande punkta å sjå merkinga oppover (takk til andre som har kommentetert dette). Gjekk åkke som på to små ute-av-sti smellar, men kostnaden var >>>

Kart    

Fuglstadfjellet, Nærøy

Dato:
16.06.2018
Distanse:
11,1km

Morgonflyet fraa Bergen og full jobbdag i Kolvereid satt grunnlag for val av topp. I tillegg var det ein del vind i fjellet saa koyrde fylkesveg 17 til Øyvatnet på ca. 1 time. Fann omtalte parkeringslomme ved ‘stengt’ – skilt, her stod det også ein liten gravmaskin. Pakka lett og labba oppover i godt tempo tross bratta. Brått skilte noko seg ut i konturane, ein av tidenes mest uroa elgkalvar stod og skua mennesket som pesa opp lyngen. Eg skua attende ein 10 minutt får vi kvar gjekk til vårt. For min del var det ut i mykje trekkspelterreng, men relativt ok å ta seg fram i. Passerte rett nord for punkt 450 og opp vidare mot det eg trudde var ei fin flate mot toppen. Det viste seg å vere meir trekkspel og litt lenger enn formoda, kom opp på toppen 1t 17min etter start inkl elg og >>>

Kart    

Grønkleppen, Fosnes

Dato:
15.06.2018
Turtype:
Løpetur
Distanse:
10,3km

Morgonflyet fraa Bergen og full jobbdag i Kolvereid satt grunnlag for val av topp. I tillegg var det ein del vind i fjellet saa koyrde fylkesveg 17 til Øyvatnet på ca. 1 time. Fann omtalte parkeringslomme ved ‘stengt’ – skilt, her stod det også ein liten gravmaskin. Pakka lett og labba oppover i godt tempo tross bratta. Brått skilte noko seg ut i konturane, ein av tidenes mest uroa elgkalvar stod og skua mennesket som pesa opp lyngen. Eg skua attende ein 10 minutt får vi kvar gjekk til vårt. For min del var det ut i mykje trekkspelterreng, men relativt ok å ta seg fram i. Passerte rett nord for punkt 450 og opp vidare mot det eg trudde var ei fin flate mot toppen. Det viste seg å vere meir trekkspel og litt lenger enn formoda, kom opp på toppen 1t 17min etter start inkl elg og >>>

Kart    

Villingadalsfjell, Færøyane

Dato:
29.04.2018
Distanse:
7,2km
Kart