Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Snønipa, Gloppen

Date:
29.03.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
41.2km

To år på rad hadde denne forlorne påskeharen styrt unna våre kvasse kommunetoppklør. No var det slutt. Me starta 07:35 Skjærtorsdag frå Utvikfjellet på det som er den tradisjonelle ruta til Snønipa. Det var relativt stor rasfare i fjellet (vedvarande, ustabile snølag) og dette vart vurdert som den tryggaste ruta konsekvent under 30 grader. Me runda trekket i nordre kant, inn til doen på Støyvastøylen så folk fekk tømt tanken (og tankane) og fulgte den nypreppa sporet mot Svartebotnen. Nord for Sanddalsstølen gjekk det spor i riktig retning som passa godt med våre planar. Så vi vurderte skredfaren som akseptabel direkte opp nordaust på Steinheia for så å dra direkte aust opp på Myklebustbreen. Der var tendensar til «koffertsnø» her, men ikkje noko me ikkje hadde sett før. Vel >>>

Map    

Steinegga, Jølster

Date:
28.03.2018
Distance:
9.4km
Map    

Trettekollen, Nedre Eiker

Date:
03.03.2018
Distance:
11.2km

Bigmob stilte som halvlokal gaid etter jobbtreff på Norefjell og cruisa ned epleåkrene i Lier før vi fann Egge og ratta opp grusvegen mot Eikesetra. 20,- i bompengar. Kontant. Vi køyre langs vatnet og parkerte ved Solvang. Eg hadde halvfeller på plass, men vart overtalt til å bytte til Blå Spesial (7 minus). Ikkje eit bra val. Hadde lite og null feste, som også Bigmob, men vi karra oss opp via langrennsløypene til Lelangen, over Lelangen etter ein liten feilnavigering, før felene vart lagt på att. Lurt for her vart det småbratte langrennsløyper. Vi fulgte dei lengst mogleg då det var ein del laussnø utanfor sporet (og vi ikkje hadde langfeller), men bikke ved nokon master opp nord mot alle kommunetoppsamlarars mål; høgste punkt i kommunen = Nirvana. Litt tett skog og bratt lende >>>

Map