Harøyburet, Sandøy (06.10.2019)


Duration 0h 42min
Distance 2.4km
Vertical meters 111m
GPS
Ascents Harøyburet (156m) 06.10.2019 09:36
Litle-Harøyburet (137m) 06.10.2019 09:43
Visits of other PBEs Harøyburet parkering (25m) 06.10.2019 09:18

På sedvanleg vis prøvde vi å få meir ut av kommunevitjinga enn berre ein "fjell"topp og så vekk att. Etter Kvannfjellet i Fræna drog vi sporestreks til Aura og rakk båten utover Sandøyane. Vi satt bilen att på Finnøy og vart sjølve med til Ona kor fyret og eksotiske omgjevnader venta oss i 2,5 timar før siste båt for dagen gjekk attende til Finnøya kor vi hadde booka overnatting.
Dette var etter turistsesongen og dei lokale hadde samla seg i samfunnshuset til basar (og preike?) og vi fekk aldri kjensla av å vere hjartens velkomne slik ein får det i Nord-Norge. Seinare fekk vi dog høyre at vi hadde vore hjartens velkomne på basaren.
Vi sjekk ut fantastiske husklyngetun, museumshus, utkikspunkt, kyrkjegarden og sandstranda før vi runda att til sjølve fyret med flott utsikt 365 grader. Eit fasinerande, lite samfunn med mykje historie.
På veg til Finnøy med båten kl. 1730 og kl. 18 på Havstuene. Vi fekk det kjipaste rommet ved døra/trappen der det var veldig lytt, elles var rommet reint og senga god. Maten var særs dyr og berre ein rett, lam, eit i-landsproblem, men vi vart skuffa at det ikkje var fisk/kval å by på. Heller ikkje her var sørvisen på topp, mogleg av mangel på alternativ.
Så tidleg morgonen etter spiste vi frukost og rulla 12 minutt til starten av turen der det berre var å klyve opp den korte turen til toppen. Her så vi Kvannfjellet, Aukra, Ona, vindmøller++ Eg jogga ned via Litle-buret og såg båten kom frå Brattvågen i det fjerne. Måtte også jogge ein tur bortom den gamle riksgrena mellom Sverige og Danmark, eit skilt her, dette var ny kunnskap!

Så var det å sette seg på båten og gjere klar for den lange bilturen heim til Os etter ei god veke på loffen. Oppleving og kos, 5209 Os.

Dagens dyr/fugl: Ravn

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.