Kvannfjellet, Fræna (05.10.2019)


Duration 2h 42min
Distance 6.7km
Vertical meters 728m
GPS
Ascents Kvannfjellet (981m) 05.10.2019 11:19
Visits of other PBEs Kvannfjellet - p-lomme (260m) 05.10.2019 09:40

Etter jobbveke på Nordre Vestlandet kuliminerte det heile med kontordag i Molde og ei flaksande(Widerøe) budeie som ville vere med på moroa. Vi gjorde byen på fredagskvelden og var relativt tidleg oppe laurdag morgon etter å ha testa kronjuvelen 'Scandic Seilet' (artig hotell, god frukost, dårleg ryddig av rommet).
Kjapp køyretur til Sylte og stølen der kor vi og alle bør stoppe på første parkeringa; Det er ingen god grunn til å køyre lenger. Med det gjorde vi sjølvsagt, overlevde lukkeleg utan punktering og fann ei lita lomme å stå i ved skiltstart. Lett å sjå.
Fin helling oppover rett aust til vi traff på stien opp ryggen. Stien er god og ikkje for bratt så høgdemetra kjem lett her. Brått var vi på fortoppen med frekk utsikt og her starta også snøen/skaren. Det var framleis morgon, fint ver og kaldt så den var god å gå på og slakara mott toppen gjorde at også denne beten gjekk lett. Flott utsikt frå Kvannfjellet mot x kommunetoppar; Meekknoken, Harøyburet, Snøfjellet++
Vi satt her ei stund før kulden tok oss og vi smådansa ned att på god snøskare. Litt glattare lenger nede på steinane, men tross eit fall der solbrillene fauk veggimellom, var vi før tida til ferga (Aukra -> Ona fyr -> Finnøya) ut i havgapet. Ein koselig tur i fin frost og på godt underlag og med herlig utsikt.

Dagens dyr: Italiensk trøffelhund + ryper

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.