Halti, Finland og Raisduottarhaldi, Nordreisa (26.02.2019)


Map
Ascents Halti (1,328m) 26.02.2019
Ráisduottarháldi (1,361m) 26.02.2019

Andy Rod:
Ruskete verhelg med faretrekantar av alle slag på Yr.no, men vi drog opp uansett søndag 24.02 og landa til holkeføre pg +1 grad på Sør-Kjosen flyplass. Overnatta på Henriksen Gjestestue, ein finfin plass med bar, god seng, kjekt vertskap og wifi og det ein treng. Avtalt med Stein Roger på Reisa Bilsenter om skyss ned dalen og låne av 2 skutre i 2 dagar.
Så måndag morgon etter innkjøp av mat bar det nedover Reisadalen, her var det heldigvis vinter og snø. Litt forbi Sappen var skutrane klare, eg var rusten og T-mode had aldri køyrd før, men la gå. Vi fekk slede med til bagar og ski, det var lurt. Hadde kart og sporing++ med om turen til finskegrensa skulle gå dårleg. 1,5 timar seinare og mykje moro skuterkøyring langs stikka løype såg vi Somashytta vest for løypa. Vi parkerte dei her då det ikkje er lov å køyre til hytta og drog med oss det meste opp der. T-mode valte å gå til hytta med all bør, mens eg gjekk to gongar på fjellski; Ikkje tvil om kva som var lurast. Det vart fyr i peisen og mange gode timar med kortspel, bacalao og kjekt i hytta fri for andre folk. Hytta var litt skjeten og såpe mangla, men vi fekk no gjort ein ok jobb med det.
Det var februar så relativt tidleg opp tysdag morgon, havgregraut ned og nistepakke klar og så av garde opp dalen mot Bajit Meahccejavri. Her går grensegjerde langt inn på norsk side av praktiske grunnar. Vinden drog seg opp så det vart berre å pakke seg inn og ha korte pausar. T-mode som også var nybyrjar på fjellski fekk brynt seg, men klarte seg utmerket. Vi runda 1108 og drog opp skrålia mot grensepunkt 304 i heftig vestavind. Lun kuling kanskje? Litt krevande orientering inn mot Halti nasjonstoppen i ymse føyk. Eg måtte fram med GPS'en eit par gongar for å trygge ruta. Men vi kom oss opp på snøkledd punkt/Haug/varde og måtte på ny nøye oss med kort stopp.
Vi hadde brukt litt lang tid og T-mode kjente det litt på teknikken no så einast om at eg spant opp til kommunetoppen, mens han fulgte spora min. Som sagt så gjort, her var det å "gønne" på og det gjekk kjapt opp til Raisduottarhaldi. Fin topp, med gjerdeskulpturar danna av vindblåst snø. Dette var for øvrig det einaste punktet på turen ein kunne komme vekk frå vinden (bak varden). Så var det ned att, finne turkompisen og turen i vinden med ryggen ned til hytta att. Litt fjellskiutfordringar for nybyrjaren og ventekulde på underteikna, men det varma godt når vi fann blodferske gaupespor 1 km før vi var nede att. Artig!
Vi fylte opp med ved, vaska og pakka og kom oss av garde ned til skutrane. Ein del dill med stropping, kalde motorar og mørke kom sigande på, men det var innanfor. Artig køyring ned att også i nypudder til slutt ned dalen. Her tok vi til venstre rett før parkeringsplassen og fulgte skogsløypa (med hengar) eit par km til Sappen Leirskule der vi fekk lasagne, blåseng og tv-kveld i sofaen. Perfekt. Denne plassen er eksotisk og må opplevast med sine artifaktar frå eldre dagar. Karina fikser det meste.
Onsdagen vart det skitur i nabolaget der eg såg alle spor det er mogleg å sjå i snøen sett bort frå gaupe og ein hare helsa også på. Så kom Reisa Bilsenter og henta oss og attende til Henriksen Gjestestue for middag og litt surfing før bussen til Alta gjekk 1910 der jobb og kollegaer venta. Ein herleg tur og eit herleg opplegg, anbefalt om ein liker ekte vinter og vidde og ekte folk.

Turens dyr: Gaupe
Tid frå Somashytta til Halti * 2 og attende: 6 timar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.